Hopp til hovedinnald

Svindlarane hevdar at du kan reise gratis med eit Skysskort i 6 månader. Dei ber deg bestille kortet ved å fylle ut eit skjema på nett og du må betale eit leveringsgebyr. Dette er eit svindelforsøk og har ikkje noko med Skyss å gjere. 

Fakta frå Skyss

Skysskortet gir ikkje gratis reiser, og billetten din ligg ikkje på sjølve kortet. Dei som brukar Skysskort til å reise med, må kjøpe sjølve billetten i nettbutikken. I ein billettkontroll vil kontrolløren sjekke at du har kjøpt billett. 

Skysskortet får du berre ved å bestille rett frå skyss.no eller på Skyss kundesenter på Bergen busstasjon.

Les mer om datatryggleik på nett på nettvett.no

Publisert:

Oppdatert: