Strandkaiterminalen blir stengd på grunn av oppussing
Venterommet på Strandkaiterminalen i Bergen vil vere stengt frå måndag 6. januar og fram til påske på grunn av oppussing.
I denne perioden kan du bruke lokala til Turistinformasjonen som venterom. Det er ca. to minutt å gå mellom Strandkaiterminalen og Turistinformasjonen (sjå kart lenger nede). Turistinformasjonen er open mellom klokka 09.00 og 16.00 alle dagar.
Det vil framleis vere mogleg å bruke leskura på kaia.
Når oppussingsarbeidet er ferdig i april, skal terminalbygget vere oppgradert både innvendig og utvendig. På det nye venterommet blir det fleire sitjeplassar og nye toalett. Vi skal også gjere det enklare for deg å finne reiseinformasjon, og utsikta over til Bryggen blir betre.
Vi beklagar ulempene stenginga fører til.

Kartet viser korleis du kjem deg frå Strandkaiterminalen til Turistinformasjonen.
Publisert:
Oppdatert: