Sommarruter
No er sommaren her og vi køyrer sommarruter i fleire område i Vestland. Reiseplanleggaren er oppdatert med gjeldande tider.

Hordaland:
Frå og med 24. juni til og med 11. august køyrer vi sommarruter i Hordaland.
Du finn oppdaterte tider i reiseplanleggaren på nett og i appen Skyss Reise.
Her finn du rutetabellar for buss, bybanen i Bergen og båtar i Hordaland.
Ver merksam på at det i tillegg til sommarruter er endringar i rutetilbodet for Osterøy, der nokre turar må bestillast på førehand.
Sogn og Fjordane
Frå og med 23. juni til og med 17. august køyrer vi sommarruter i Sogn og Fjordane.
Du finn oppdaterte tider i reiseplanleggaren på nett og i appen Skyss Reise.
Her finn du rutetabellar for buss og for båtar i Sogn og Fjordane.
Bestillingsturar på Stord
På linje 678 Fjellgardane - Leirvik og linje 679 Huglo er avgangane i skulane sin sommarferie bestillingsturar. Desse avgangane er merka med a i rutetabellane, som betyr at du må bestille turen på førehand. Avgangane er også merka i reiseplanleggaren. Meir informasjon om korleis bestille finn du i rutetabell for linje 678 og rutetabell for linje 679.
God sommar!
Publisert:
Oppdatert: