Påskeruter 14.–21. april
Frå og med 14. april til og med 21. april er rutetider endra som følge av påskehøgtida. Reiseplanleggaren er oppdatert.

Skal du ut og reise i påska må du vere obs på at det er endringar i rutetidene. Måndag 14. og tysdag 15. april er det framleis kvardagsruter, men ruter merka med skuledagar går ikkje. Full oversikt over endringane i området du skal reise i finn du i lenkene under her.
Avgangstider for buss, bybane, båt og ferje i påska 2025.Du finn også alltid oppdaterte rutetider i reiseplanleggaren. God påske!
Publisert:
Oppdatert: