Vis billetten ved påstiging - nye reglar utanfor bergensområdet
Frå 1. oktober må fleire av dei som reiser med oss, vise billetten sin når dei går om bord i bussen. Vi gjer denne endringa for å få betre kontroll med at alle reiser med gyldig billett.
Utanfor bergensområdet må alle passasjerar gå inn framme i bussen og vise billetten til sjåføren. Innanfor bergensområdet kan passasjerar framleis gå inn både framme og bak i bussen.
Dersom du skal reise med ein buss som køyrer ut av bergensområdet, må du også gå inn framme og vise billetten til sjåføren.
Dersom du reiser utanfor bergensområdet og har mykje bagasje, barnevogn, sykkel eller av andre grunnar må bruke bakdøra, skal du gå fram til sjåføren for å vise billetten din etterpå. For passasjerar med rullestol, rullator eller andre som treng det, vil sjåførane komme bak i bussen for å sjekke billetten.
Uansett kvar du reiser i Vestland kan sjåførar, båtmannskap og kontrollørar be om å få sjå billetten din, når som helst.
Kvifor er det viktig å ha billett?
Vårt viktigaste oppdrag er å sikre eit berekraftig kollektivtilbod til heile Vestland fylke. For å oppretthalde og utvikle tilbodet vårt, er det avgjerande at alle som reiser med oss kjøper billett. Rundt 30 prosent av kostnadene for kollektivtilbodet vert finansierte gjennom billettinntekter, medan resten kjem frå offentlege midlar.
Når mange reiser utan billett, påfører det fellesskapet eit tap på fleire titals millionar kvart år – pengar som kunne vore brukte til å styrke og utvide kollektivtilbodet ytterlegare. Tala våre viser at det framleis er for mange som reiser utan billett. I tillegg til at vi framover skal ha fleire billettkontrollar, må vi også gjere andre tiltak.
Ha billetten klar
Vi ønsker at det skal vere enklast mogleg for deg som reiser med oss. Ved å gjere det likt på alle bussar utanfor bergensområdet, veit du at du alltid må vise billetten din når du reiser her. Vi håpar at dette også vil gjere arbeidskvardagen enklare for sjåførane våre.
Vi oppfordrar deg til å ha billetten klar når du skal gå om bord, slik at det ikkje går vekk unødvendig tid på haldeplassane. Dersom du har kjøpt ein billett til rabattert pris, som for eksempel studentbillett, må du også kunne vise fram studentbevis dersom sjåføren ber om det.
Takk for forståinga, og velkommen om bord!
Publisert:
Oppdatert: