Nye prisar frå 1. februar
Det blir nye prisar på buss, bybane og båt. Enkeltbillettar for ei sone gjeld no i berre 60 minutt. Her kan du sjekke kva endringar som er relevante for deg.
For deg som reiser med buss, bybane og nokre båtruter
Endringane under gjeld for alle reiser med Skyss sine bussar, bybanen i Bergen og båtrutene med sonepris, Kleppestø–Strandkaiterminalen, Knarvik–Frekhaug–Strandkaiterminalen og båtrutene i Florabassenget. Endringane gjeld også for deg som brukar Skyss-billettar på tog mellom Bergen og Arna/Trengereid, og Bergen og Voss.
Nye prisar
- Prisen på enkeltbillettar, ungdomsbillett og periodebillettar for 30 og 180 dagar aukar med fire prosent.
- Prisen på 24-timarsbillettar og periodebillettar for 7 dagar aukar med sju prosent.
- Det er ingen endringar i prisen på Serviceskyss.
Prisar på enkeltbillett frå 1. februar
Billettar | Ei sone | To soner | Tre soner | Fire-ti soner | |
Enkelt billett |
Vaksen | 49* | 75 | 129 | 182 |
Barn | 25 | 38 | 65 | 91 | |
Honnør | 25 | 38 | 65 | 91 | |
Student | 29 | 45 | 77 | 109 | |
Militær | 29 | 38 | 65 | 91 | |
24-timars billett |
Vaksen | 123 | 187 | 331 | 465 |
Barn | 62 | 94 | 166 | 233 | |
Honnør | 62 | 94 | 166 | 233 | |
Student | 74 | 112 | 199 | 279 | |
Militær | 74 | 112 | 199 | 279 |
* Når du kjøper enkeltbillett for vaksen i appen Skyss Billett kan du få reiserabatt
Prisar på periodebillettar frå 1. februar
Billettar | Ei sone | To soner | Tre soner | Fire-ti soner | |
30-dagars ungdomsbillett |
413 | 413 | 413 | 413 | |
7-dagars billett |
Vaksen | 272 | 411 | 679 | 952 |
Barn | 136 | 206 | 340 | 476 | |
Honnør | 136 | 206 | 340 | 476 | |
Student | 163 | 247 | 407 | 571 | |
Militær | 163 | 247 | 407 | 571 | |
30-dagars billett |
Vaksen | 827 | 1243 | 2064 | 2 891 |
Barn | 413 | 622 | 1032 | 1 446 | |
Honnør | 413 | 622 | 1032 | 1 446 | |
Student | 496 | 746 | 1 238 | 1 735 | |
Militær | 496 | 746 | 1 238 | 1 735 | |
180-dagars billett |
Vaksen | 4135 | 6215 | 10320 | 14455 |
Barn | 2068 | 3180 | 5160 | 7228 | |
Honnør | 2068 | 3108 | 5160 | 7228 | |
Student | 2 481 | 3 729 | 6192 | 8673 | |
Militær | 2 481 | 3 729 | 6192 | 8673 |
Alle prisane er oppgitt i kroner. Prisane gjeld for buss, bybane og båtrutene som er inkluderte i sonesystemet.
Enkeltbillettar gjeld no i berre 60 minutt
Enkeltbillettar for éi sone er frå 1. februar gyldige i 60 minutt. Det er 30 minutt kortare enn tidlegare.
Hugs at du alltid må ha gyldig billett når du går om bord. Dersom varigheita på billetten din går ut før du går av, er billetten framleis gyldig. Dersom du skal byte undervegs og varigheita på billetten din er gått ut før du går om bord på neste transportmiddel, må du kjøpe ny billett.
Når du kjøper billett for fleire soner, aukar gyldigheita som før, med 30 minutt ekstra for kvar sone du betaler for.
Her finn du meir informasjon om prissoner og korleis sonene fungerer
Endringar i reiserabatten
Frå 1. februar kan du maks få 30 prosent reiserabatt, mot 40 prosent tidlegare.
Reiserabatt er ei rabattordning for vaksne som kjøper enkeltbillett i appen Skyss Billett. Ordninga gir deg ein personleg rabatt basert på kor ofte du reiser.
Du får framleis rabatt frå billettkjøp nummer to, og rabatten vil gradvis auke jo fleire billettar du kjøper i løpet av 30 dagar.
Her er dei nye prisane for alle billettkjøp innanfor ein månad.
Billettkjøp | Rabatt | 1 sone | 2 soner | 3 soner | 4 - 10 soner |
1 | 0,00 % | 49,00 | 75,00 | 129,00 | 182,00 |
2 | 2,50 % | 47,78 | 73,13 | 125,78 | 177,45 |
3 | 5,00 % | 46,55 | 71,25 | 122,55 | 172,90 |
4 | 7,00 % | 45,57 | 69,75 | 119,97 | 169,26 |
5 | 9,00 % | 44,59 | 68,25 | 117,39 | 165,62 |
6 | 11,00 % | 43,61 | 66,75 | 114,81 | 161,98 |
7 | 13,00 % | 42,63 | 65,25 | 112,23 | 158,34 |
8 | 15,00 % | 41,65 | 63,75 | 109,65 | 154,70 |
9 | 17,00 % | 40,67 | 62,25 | 107,07 | 151,06 |
10 | 19,00 % | 39,69 | 60,75 | 104,49 | 147,42 |
11 | 20,00 % | 39,20 | 60,00 | 103,20 | 145,60 |
12 | 21,00 % | 38,71 | 59,25 | 101,91 | 143,78 |
13 | 22,00 % | 38,22 | 58,50 | 100,62 | 141,96 |
14 | 23,00 % | 37,73 | 57,75 | 99,33 | 140,14 |
15 | 24,00 % | 37,24 | 57,00 | 98,04 | 138,32 |
16 | 25,00 % | 36,75 | 56,25 | 96,75 | 136,50 |
17 | 26,00 % | 36,26 | 55,50 | 95,46 | 134,68 |
18 | 27,00 % | 35,77 | 54,75 | 94,17 | 132,86 |
19 | 28,00 % | 35,28 | 54,00 | 92,88 | 131,04 |
20 | 29,00 % | 34,79 | 53,25 | 91,59 | 129,22 |
21 | 30,00 % | 34,30 | 52,50 | 90,30 | 127,40 |
22 | 30,00 % | 34,30 | 52,50 | 90,30 | 127,40 |
23 | 30,00 % | 34,30 | 52,50 | 90,30 | 127,40 |
24 | 30,00 % | 34,30 | 52,50 | 90,30 | 127,40 |
25 | 30,00 % | 34,30 | 52,50 | 90,30 | 127,40 |
Militærrabatt også på korte reiser og periodebillettar
Frå 1. februar får du militærrabatt også på dei korte reisene og på periodebillettar.
Du må vere vernepliktig i førstegongsteneste for å kunne kjøpe militærbillett og vil då få følgande rabatt:
- 40 prosent rabatt på enkeltbillettar for ei sone.
- 50 prosent rabatt på enkeltbillettar for to eller fleire soner.
- 40 prosent rabatt på 24-timarsbillettar og periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar.
Nye prisar på flybussane i Førde og Sogndal
På flybussane i Førde og Sogndal gjeld eigne prisar og reglar. Frå 1. februar er det nye prisar:
- Enkelbillett for vaksen kostar 150 kroner.
- Enkeltbillett for barn, honnør og militær kostar 75 kroner.
Alle detaljar om prisar og reglar på flybussane i Førde og Sogndal finn du her.
For deg som reiser med båt
Endringane under gjeld for reiser med alle båtrutene i Vestland som ikkje har sonepris.
Nye prisar
Alle båtprisar aukar med fire prosent.
Lågare prisar på Vik–Ortnevik og Ortnevik–Måren–Nordeide
Frå 1. februar gjeld nye, lågare prisar på båtrutene Vik–Ortnevik og Ortnevik–Måren–Nordeide. Prisane er sett ned etter vedtak i fylkestinget.
Du finn pristabellar for rutene her.
Det blir gratis å reise med ruta Kaupanger–Frønningen
Frå 1. februar blir det gratis for både passasjerar og køyretøy på ruta Kaupanger–Frønningen. Endringa skjer etter vedtak i fylkestinget.
Du vil framleis oppleve at mannskapet registrerer både køyretøy og passasjerar på billettmaskina, men dette er for innsamling av reisestatistikk.
Dersom du har innbetalt forskot på AutoPASS ferjekonto, kan du be om refusjon dersom du ikkje lenger treng denne avtalen. Du finn informasjon om korleis du gjer dette på autopassferje.no.
Publisert:
Oppdatert: