Michael Krohns gate stenger 3. mars
Frå og med 3. mars vil Michael Krohns gate i Bergen vere stengd for trafikk.
Stenginga medfører endringar for busstrafikken i området. Busslinjene 13, 20 og 85 vil få nye trasear.
Reiseplanleggar og rutetabellar er oppdaterte med endringane.
Sjå oversikt under for meir informasjon om di linje.
Linje 13
Haldeplassane "Lien sør" og "Michael Krohns gate" vil ikkje vere i bruk. Linje 13 skal bruke nye haldeplassar i Damsgårdsveien, "Kronviken" og "Damsgårdsveien nr. 39".
Sjå kart og oppdatert rutetabell.
Linje 20
Linje 20 vil få ny trasé.
- I retning frå Storavatnet vil den køyre over Puddefjordsbroen og gjennom Nygårdstunnelen mellom Gyldenpris og Danmarks plass. Haldeplassane "Gyldenprisveien", "Lotheveien", "Michael Krohns gate", "Lien sør", "Solheimsviken" vil ikkje vere i bruk. På Gyldenpris vil bussen betjene haldeplassen "Gyldenpris Nord".
- I retning frå Nesttun vil bussen køyre gjennom Nygårdstunnelen, over Puddefjordsbroen og deretter bruke haldeplassen "Gyldenpris Nord". Haldeplassane "Solheimsviken", "Lien sør", "Lotheveien" og "Gyldenprisveien" vil ikkje vere i bruk.
Sjå kart og oppdatert rutetabell.
Linje 85
Linje 85 vil få ny trasé.
- Frå Gyldenpris til Danmarks plass vil linja køyre over Puddefjordsbroen og Nygårdstunnelen. Bussen stoppar ikkje på haldeplassane "Lotheveien", "Michael Krohns gate", "Lien sør" og "Solheimsviken".
- Frå Danmarks plass mot Gyldenpris køyrer linja via Damsgårdsveien. Linja stoppar på haldeplass "Solheimsviken", køyrer deretter Damsgårdsveien og stoppar på dei to mellombelse haldeplassane der før den køyrer opp igjen i Michael Krohns gate og stoppar på haldeplass "Lotheveien".
Sjå oppdatert rutetabell.
Bakgrunn for stenginga
Michael Krohns gate er stengd på grunn av eit langvarig vegarbeid. Du kan lese meir om dette arbeidet på nettsidene til Bergen kommune.
Publisert:
Oppdatert: