Nye prisar og ny betalingsløysing for køyretøy på båt
Frå 1. januar kan du ikkje lenger betale med ferjekort når du har med deg køyretøy på båtar i Florabassenget og i Sogn. Frå same dato gjeld nye prisar for køyretøy.
AutoPASS ferjekort er eit betalingskort som har vore i bruk på nokre få ruter i Norge. Ferjekortet har vore ein del av AutoPASS-systemet, som Statens vegvesen har ansvar for. Det er Statens vegvesen som har bestemt at ferjekortet ikkje lenger skal vere i bruk.
Her har ferjekortet vore i bruk i Vestland:
- 291 Florø–Veiesund–Askrova–Stavang–Svanøy
- 292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn
- 1190 Vik–Ortnevik–Måren–Nordeide–Høyanger
- 1131 Kaupanger–Frønningen
Frå 1. januar 2025 vil prisar, rabattar og betalingsmåtar for køyretøy på båt i hovudsak følge AutoPASS-regulativet for ferjetakstar, med nokre unntak. Unntaka handlar om betalingsmåtar og prisar for passasjerar.
Betaling for køyretøy om bord
Vi jobbar no med å oppgradere billettsystemet på båtane. Inntil vidare kan vi ikkje kople skiltnummeret på køyretøyet ditt opp mot AutoPASS-systemet.
Frå 1. januar betyr dette følgande:
- Alle som tar med køyretøy på båt, må inntil vidare betale for køyretøyet med bankkort eller kontantar om bord.
- Dersom du har ei AutoPASS-godkjent bombrikke, blir du ikkje etterfakturert som vanleg.
- Dersom du har brikke og AutoPASS for ferje forskotsavtale, kan du ikkje betale ved å trekke beløpet frå det innebetalte forskotet på ferjekontoen din.
Det blir difor inntil vidare gitt full rabatt til alle, som er 50 prosent. Rabatt for nullutsleppskøyretøy gjeld som vanleg.
Når billettsystemet er ferdig oppgradert, vil etterfakturering og trekk frå ferjekonto fungere som normalt.
Passasjerar i køyretøy
Når du betaler for køyretøyet ditt på båt, betaler du også for sjåføren. Dersom du har med passasjerar, må desse ha vanleg billett for båtruta dei reiser med. På båtrutene i Florabassenget er dette billett for sone H og på dei andre båtrutene er det billett for strekninga dei reiser på.
Merk: Frå 1. januar 2025 kan du ikkje lenger bruke ferjekortet til å betale for passasjerar på båtrutene i Sogn, og det blir ikkje gitt 17 prosent rabatt på passasjerbillettar som tidlegare. Du kan kjøpe billettar for passasjerar i appen Skyss Billett, i nettbutikken på skyss.no eller hos mannskapet om bord.
Ver merksam på at du ikkje har rett på familierabatt i Florabassenget når du har betalt for køyretøy og sjåfør. For å ha rett på familierabatt må du vere over 18 år og ha ein vanleg billett for sona du skal reise i.
Nye prisar
Frå 1. januar gjeld også nye prisar når du skal ha med køyretøy på båt. Du finn alle prisar på autopassferje.no/priser.
Informasjon om nye prisar på ferjene frå 1. januar.
Publisert:
Oppdatert: