Gladnyheit for studentar over 30 år
Den øvre aldersgrensa på studentrabatten er fjerna frå 1. februar.
Frå og med 1. februar endra vi i krava til kven som kan kjøpe studentbillett. Før var denne rabatten berre for heiltidsstudentar under 30 år.
No er aldersgrensa fjerna på Skyss sine bussar, bybane og dei av båtane til Skyss som er inkluderte i sonesystemet. Alle som er student på heiltid får no rett på studentrabatten.
Publisert:
Oppdatert: