Førde sentralsjukehus: Endra bruk av haldeplass
Frå og med 5. februar vil linje 201 bybussen og FB59 flybussen i Førde ikkje lenger bruke haldeplassen Førde sentralsjukehus, som ligg inne på sjukehusområdet. Bussane brukar framleis haldeplassane i Vievegen like ved.
Haldeplassane i Vievegen endrar frå same dato namn frå Hatlehaugen til Førde sentralsjukehus Vievegen. Haldeplassen med avgangar i retning mot sentrum er perrong A, og haldeplassen med avgangar i retning Vieåsen/Brulandsvellene er perrong B.
Bakgrunn for endringa er utfordringar med stor trafikk i krysset Svanehaugvegen/Vievegen.
Haldeplassar rundt sjukehuset
Førde sentralsjukehus Vievegen perrong A (retning mot sentrum):
- Linje 201 bybuss
- Linje FB59 flybuss
Førde sentralsjukehus Vievegen perrong B (retning mot Vieåsen/Brulandsvellene):
- Linje 201 bybuss
- Linje FB59 flybuss
Førde sentralsjukehus C:
- Linje 250
- Linje 272
- Linje 820
Førde sentralsjukehus D:
- Linje 100
- Linje 110
- Linje 830
Linjene som brukar desse haldeplassane, vil i fleire tilfelle også bruke haldeplassane i Vievegen. Sjå reiseplanleggar for detaljar.
Sjå kart under for ei oversikt over haldeplassane.
Kartet viser haldeplassane rundt Førde sentralsjukehus.
Publisert:
Oppdatert: