Endringar på ferja Breistein-Valestrand frå 1. januar
Det blir gratis for passasjerar. For køyretøy blir det nye prisar og betaling med AutoPASS.
Frå 1. januar 2025 får Skyss ansvar for ferja mellom Breistein og Valestrand på Osterøy.
Dette betyr det for deg som reiser med ferja
- Det blir gratis for alle passasjerar.
- For køyretøy blir det nye prisar og AutoPASS-betaling.
- Eksempel på ny pris er: 67 kroner fullpris for bil inntil 6 meter. MC/Moped koster kroner 30.
Ferja MF Ole Bull skal fortsette å køyre på strekninga.
Slik betaler du for køyretøy
Frå 1. januar betaler du berre for køyretøy med sjåfør, passasjerar reiser gratis. Når du køyrer om bord blir skiltet på køyretøyet ditt lest av, og det blir sjekka om du har AutoPASS-avtale for ferje.
Maksimal rabatt får du med AutoPASS-forskotsavtale for ferje.
- Les meir om betaling med AutoPASS på autopassferje.no.
- Prisane finn du i ferjepriskalkulatoren frå 1. januar.
Dersom du ikkje har AutoPASS-avtale får du faktura.
Nye rutetider frå 20. januar
Frå 20. januar endrar vi busstilbodet på Osterøy. Då får også ferja nye rutetider som er tilpassa bussane.
- Sjå rutetabell Breistein-Valestrand til og med 19. januar
- Sjå rutetabell Breistein-Valestrand frå 20. januar.
Les meir om endringar i bussrutene frå 20. januar her.
Publisert:
Oppdatert: