Hopp til hovedinnald

Skyss er veldig leie for at oppstart av dei nye båtrutene til og frå øyene utanfor Florø ikkje har gått etter planen. Vi jobbar saman med operatøren Norled for å løyse dei ulike utfordringane som har oppstått, og set no i verk følgande mellombelse tiltak for å betre tilbodet:

Det er sett inn ekstra båt, som på kvardagar vil køyre ein tur på morgonen og ein tur på ettermiddagen til og frå øyene nærast Florø. Dette gjeld reisande med rute 291/292 til og frå:

  • Veiesund
  • Søre Nekkøy 
  • Ånnøy 
  • Færøy 

Skal du reise til og frå andre øyer, blir det ingen endringar i rutetidene.

Følgande rutetider vil gjelde for ekstrabåten

Kai Rutetid ekstrabåt   Ordinær  rutetid
Avg. Florø terminal kl.07.25 kl. 06.50/07.10
Veiesund kl. 07.45 kl. 07.50
Søre Nekkøy kl. 07.55 kl. 08.00
Ånnøy kl. 08.00 kl. 08.05
Færøy kl. 08.05 kl. 08.10
Ank. Florø terminal kl. 08.15 kl. 08.10/08.15

Ekstrabåt: Turen vert køyrd av MS Skorpefjord, tlf. 94 15 05 94. Passasjerar frå Søre Nekkøy, Ånnøy og Færøy må som tidlegare bestille anløp av båten før avgangstid frå Florø terminal.

 

Kai Rutetid ekstrabåt   Ordinær  rutetid
Avg. Florø terminal kl. 14.30 kl. 14.30
Færøy kl. 14.40 kl. 14.35
Ånnøy kl. 14.45 kl. 14.40
Søre Nekkøy kl. 14.50 kl. 14.45
Veiesund kl. 15.00 kl. 14.45
Ank. Florø terminal kl. 15.20 kl. 15.50/15.30

Ekstrabåt: Turen vert køyrd av MS Fjordsol, tlf. 99 51 53 43. Passasjerar frå Færøy, Ånnøy og Søre Nekkøy må som tidlegare bestille anløp av båten før avgangstid frå Florø terminal.

Reiser til andre øyer

Dersom reisande frå Veiesund, Søre Nekkøy, Ånnøy og Færøy skal til øyer som ekstrabåten ikkje køyrer til, vil hovudbåten på ruta frakte desse. Reisande må då ringe hovudbåten på ruta før avgang frå Florø terminal.

Dersom det er reisande til Veiesund, Søre Nekkøy, Ånnøy og Færøy frå andre stopp enn Florø terminal, vil hovudbåten på ruta frakte desse. Reisande må då ringe hovudbåten før avgang frå Florø terminal.

Hovudbåten køyrer i slike tilfelle berre til stoppestader som er oppgitt i ordinær rutetabell. Telefonnummer til hovudbåtane finn du i rutetabellane.

Vi gjer merksam på at reiseplanleggaren og rutetabellane ikkje er oppdaterte med endringane.

Publisert:

Oppdatert: