Båtrute 292 blir delt i tre rutenummer
Frå 14. mars blir båtrute 292 i Florabassenget delt i tre rutenummer.
Frå og med 14. mars splittar vi rute 292 i tre rutenummer for å gjere det enklare for reisande å finne informasjon om si rute. Vi deler ruta slik:
- 292: Florø–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget vest)
- 293: Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy (Florabassenget nord)
- 294: Fellesturar Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget vest og nord). Dette er lasterute onsdag, kveldsruter og ruter i helg.
Reiseplanleggaren og rutetabellar er oppdaterte.
SMS-varsling
Dersom du har abonnert på SMS-varsel på rute 292, bør du no sjekke om du har varsel for det som er rett rute for deg.
Bestillingsstopp kan bestillast dagen før
Dersom du skal reise frå eit bestillingsstopp kan du no ringe dagen før for å bestille reise med dei to første avgangane:
- Rute 291 sør: kl. 5.10 og 6.45
- Rute 292 vest: kl. 5.25 og 6.55
- Rute 293 nord: kl. 5.20 og 6.50
Du kan ringe mellom kl. 15.00 - 18.00 dagen før på telefonnummer 94 83 86 99.
Felles telefonnummer for bestillingsstopp
Frå 14. mars kan du ringe til telefonnummer 94 83 86 99 for å bestille båt til bestillingsstopp. Du trykker så på tastetrykk (1, 2, 3 eller 4) for ruta som er aktuell for deg.
- Tastetrykk 1: Rute 291 Florabassenget sør, og bestillingsstoppa
Ålvora, Veiesund, Stavang, Askrova og Svanøy.
-
Tastetrykk 2: Rute 292 Florabassenget vest, og bestillingsstoppa Kinn, Skorpa, Skorpeide, Selvåg, Søre Nekkøy, Ånnøy og Færøyna.
-
Tastetrykk 3: Rute 293 Florabassenget nord, og bestillingsstoppa Villevik, Nærøy, Vevling, Fanøy, Batalden og Barekstad.
- Tastetrykk 4: Rute 294 Fellesturar i Florabassenget vest og nord. Lasterute onsdag føremiddag, kveldsruter og ruter laurdag og søndag.
Publisert:
Oppdatert: