Bilfritt familieliv på Landås
Familie på snart fem – utan bil.
Klokka er halv fire. Det er juni og sommartemperatur på Haukeland Nord i Bergen. I ei mørkeblå barnevogn sit to år gamle Gustav og peiker entusiastisk på bilane som køyrer forbi. Foreldra sit på benken ved sida av. Alle tre ventar på bussen. Familien Sollesnes Utvær verken har eller ønsker å skaffe seg bil. Sjølv ikkje no, når den runde magen til Rikke vitnar om at familien snart blir større.

– Vi er litt i limbo for augneblinken. Vi har begge tatt avsluttande eksamen, men veit ikkje enno om vi har stått. Så ja, det er ikkje godt å vite om du no snakkar med legar eller medisinstudentar, ler Rikke.
Sigurd (27) og Rikke (26) er begge medisinstudentar på siste året. Ekteparet venter det nervepirrande svaret på siste eksamen om to veker. I grevens tid, meiner kanskje nokon. For Rikke ventar også tvillingar i midten av juli.
– Ja, snart kjem det to gutar til. Det verkar kanskje iskaldt kalkulert at semesterslutt skulle matche så godt med termin, men det var ikkje planlagt, legg Sigurd til og smiler.
Godt tilpassa ein bilfri kvardag
Både Rikke og Sigurd har lappen, men familien har aldri hatt eigen bil. Ikkje er det planar om å kjøpe ein heller, sjølv om tre skal bli til fem om berre ein snau månad. Rikke fortel at det bilfrie livet har blitt rutine.
– Vi klarer oss godt utan. Og det passar for oss, så lenge vi bur akkurat her. Tilhøva ligg godt til rette for å klare seg utan bil, så sånn sett har vi ikkje gjort noko stort offer. Foreldra til Sigurd bur dessutan rett i nærleiken. Viss vi skal til IKEA og verkeleg treng ein bil, får vi låne deira. Samstundes skjøner vi at ein kvardag utan bil ikkje passar for alle familiar. Vi er heldige som bur så sentralt til med tanke på kollektivtransport – det er ikkje alle som gjer det.
Buss nummer 5 mot Landås kjem trillande inn i busslomma, og dørene opnar seg. Sigurd løfter vogna på bussen, og rettar litt på solhatten til Gustav.
– Den der var tidenes beste kjøp. Det er ikkje noko problem å ta buss med Gustav når vi har denne, seier Rikke og peiker på barnevogna.

– Når ein reiser kollektivt så mykje som vi gjer, er det viktig å gjere sjølve reisa mest mogleg komfortabel. Vi ville ha ei vogn som var byvennleg, lett og ledig. Ho skulle vere enkel å løfte av og på bussen, og ikkje ta for stor plass. Ein så «liten» ting som det å bruke litt tid på å finne ei god barnevogn, har faktisk gjort ein stor forskjell for oss.
– Vi er bortskjemde med kollektivtilbodet på Landås
Paret møttest i kormiljøet under studietida, og leigde si første leilegheit saman like ved Brann Stadion. Då tida for å kjøpe eigen heim melde seg, bestemte dei seg for å flytte til Landås. Sigurd fortel at lokasjon har mykje å seie for om det let seg gjere å meistre eit hektisk familieliv utan eigen bil.
– Vi veit at vi er heldige med kor vi bor. Ein er bortskjemd med busshaldeplassar i nærleiken, og treng aldri å sjekke rutetabellen: «Det går alltid ein buss». Haukeland ligg også berre nokre stopp unna, og det er praktisk for oss som drar dit såpass ofte. Det er mange gode daglegvarebutikkar rett i nærleiken, og heller ikkje langt til barnehagen. Då Gustav kom, blei vi ekstra glade for at vi hadde valt å bu på Landås.
– Her er dessutan veldig fint og stille. Vi kan bu sentralt her, utan å føle at vi er midt i gryta, påpeiker Rikke.
Sunn familieøkonomi på studentbudsjett
Ekteparet har ikkje rekna på utgiftene dei sparer ved å velje vekk bilen. For dei har det vore nok å sjå at familieøkonomien har gått fint rundt på studentbudsjett, trass i at dei begge har vore fulltidsstudentar dei siste seks åra, fortel Sigurd.
– Vi har ikkje sett opp budsjett for å sjå kva vi sparer på bompengar og bensin og alt det der, men eg kan tenke meg at det er ganske mykje. Med bustadlån og ein familie som veks, har vi framleis nok til overs til at vi kan spare litt. Det er fint å sjå at vi får det til med studentøkonomi. Som studentar får vi også særs billige halvårsbillettar hos Skyss. Vi har difor berre kjøpt desse, og køyrt i veg.
– Ja, og apropos bensin: Det er ein tankevekkjar kvar gong vi har lånt bilen til svigers og skal fylle tanken etterpå. Vi ser ofte at ein full tank gjerne nærmar seg halve prisen på eit halvårskort, så det er alltid eit lite sjokk, fortel Rikke.
Bussen svingar inn på haldeplassen ved Landås. Familien hoppar av, og ruslar sakte oppover den vesle bakken i varmen. Rikke fortel at familieutfluktene naturleg nok har blitt litt meir lokale no medan dei ventar på termin.
– Vi har ikkje slått nokon rekord i langturar dette halvåret, men det er ikkje så vanskeleg å underhalde ein toåring. Som regel er det nok med ein spennande kvist eller ein sølepytt å hoppe i.
«Leikeplass?», spør Gustav, og peiker på eit klatrestativ som ruvar over hekken. Rikke nikkar og ler.

– Som du ser, er leikeplassen populær. Han liker å byggje sandslott der, eller utforske nabolaget. Det Gustav liker aller best, er likevel å ta bybanen. Heime har han til og med ein BRIO-bane som han kallar bybanen. Så ja, det er liksom toget for han.
Rikke og Sigurd fortel at dei har tenkt på om behovet for eigen bil vil bli større, no når dei får to barn til i juli. Så langt er likevel planen å klare seg utan.
– Ja, her har vi hårete mål om å halde fram akkurat som før. No har vi kjøpt oss splitter ny, bussvennleg tvillingvogn, og sikra oss barnehageplass rett i nabolaget. Så det blir ikkje bil med det første. Dersom behovet tvingar seg fram, får vi heller snakke saman på nytt. I mellomtida gler vi oss berre til å helse på dei to i magen, og endeleg få sjå Gustav bli storebror.

Til deg som vil teste eit bilfritt liv, har familien tre tips:
1. Start i det små.
Test bilfritt i éi veke, eller kanskje berre nokre dagar.
Det er ikkje alle som bur på stader der ein enkelt klarer seg utan eigen bil. Ein god start kan vere å utfordre deg sjølv til å la bilen stå i ei veke. Sei til deg sjølv at du vier desse dagane, eller denne veka, til å bli godt kjend med kollektivtilbodet rundt deg.
2. Bruk familierabatten når du skal reise kollektivt med barn.
Familierabatten til Skyss liker vi godt. Med denne kan vi alltid ta med oss opptil fire barn gratis på buss, båt eller bybane. Ein kan såleis få til rimelege familieutflukter, utan å måtte styre med ekstra billettar til barna.
3. Invester i barnevogn og anna utstyr som gjer reisa komfortabel.
Når ein reiser kollektivt med barn, er største utfordringa kanskje å kome seg på og av bussen med barnevogn. Ei lett, god vogn som er enkel å manøvrere og ikkje tek mye plass, vil då vere ei smart investering for å gjere reisa langt meir behageleg.
![]() |
Publisert:
Oppdatert: