Hopp til hovedinnald

Linjer med bestillingsturar i sommar

  • 900 
  • 901 
  • 902
  • 910 
  • 911 
  • 912 

Det er også ein ettermiddagsavgang på linje 95 til Risnes som vert bestillingstur i sommar.

Alle avgangar som er bestillingsturar er merka som dette, både i reiseplanleggaren og i rutetabellen.

Slik bestiller du

Du må bestille avgangen på førehand. For å bestille, ring Tide Buss sitt trafikkontor, på telefonnummer 55 39 33 30.

Du kan legge inn bestilling for fleire dagar eller avgangar samtidig, slik at du slepp å ringe inn kvar dag. Vi anbefaler å vere tidleg ute, og å bestille i god tid. Ved behov vil det likevel vere mogleg å bestille tett opp mot avgang.

Bestillingsturar blir køyrde med taxi, og vil køyre frå haldeplassar på den vanlege ruta.

Ver merksam på at også slutten av turen kan vere ein bestillingstur. Gi beskjed til sjåføren ved påstiging, så hjelper sjåføren deg med å bestille dersom du ikkje har gjort dette på førehand. 

Bestillingsturane vil gå i perioden frå og med 24. juni til og med 9. august. Dersom du er usikker på om avgangen du skal reise med er ein bestillingstur, ta kontakt med Skyss sitt kundesenter.

Kvifor gjer vi dette?

Bakgrunnen for endringane er at færre reiser i ferievekene. Ved å gjere ein del avgangar om til bestillingsturar, kan vi sikre eit tilbod og samtidig ha normale sommarruter på busslinjene med flest reisande.

Publisert:

Oppdatert: