Hopp til hovedinnald

Med billett knytt til bankkortet, er det endå enklare å reise. Du vil framleis få ein papirbillett når du betaler om bord, men denne treng du ikkje lenger passe på.

I billettkontroll tæpper du berre bankkortet, smarttelefonen eller smartklokka du betalte med, på kontrollutstyret til kontrolløren. Kvitteringa finn du her på skyss.no, skulle du trenge det.

Betaler du med kontantar, får du framleis ein papirbillett som du må passe på.  

Bankkortet fungerer også som billett når du kjøper billett på billettautomatar langs bybanen.

Billettar du har kjøpt med bankkort i Hordaland, kan du sjekke eller ta ut kvitteringar for på følgande måtar:

  • Tæpp bankkortet: Sjekk billetten din ved å tæppe bankkortet, smarttelefonen eller smartklokka du betalte med, på ein av billettautomatane langs bybanen eller på ein bankterminal hos sjåfør/billettør på buss eller båt. Du får då informasjon om du har ein gyldig billett, og kor lenge han er gyldig.
  • Sjekk billetten på skyss.no: Legg inn kortinformasjon her for å få opp ei oversikt over alle billettar du har kjøpt på billettautomat eller med bankkort om bord på buss og båt i Hordaland. Dersom du har ein gyldig billett, vil du sjå kor lenge han er gyldig. Du kan enkelt skrive ut kvittering ved behov.
  • Få billett tilsendt som SMS: Når du kjøper billett på billettautomat langs bybanen, kan du be om å få billetten sendt som SMS til telefonen din. Du legg inn telefonnummeret på billettautomaten og får billetten sendt til nummeret du har registrert. 

Alle bankkort har fleire unike ID-nummer som berre kan bli henta når kortet blir brukt i ein kortterminal. ID-nummer blir brukt til å identifisere bankkortet, då risikoen for misbruk er svært låg. Det unike ID-nummeret (PAR) er det same som gjer det mogleg å bruke tenester som Apple Pay, Google Pay og liknande, der det fysiske bankkortet er erstatta med ID-nummer.

Når du betaler ein billett med bankkort, blir ID-nummeret kopla til billetten. I ein kontrollsituasjon, eller ved nye kjøp, kan du difor sjå kva for billettar som er kjøpte med det bestemte bankkortet.

ID-nummeret som blir lagra i billettsystemet, er ikkje mogleg å spore tilbake til ein person, og er berre synleg for autorisert personell. Det blir altså ikkje lagra personleg informasjon i samband med billettkjøpet.

Nytt billettsystem i Hordaland

For at det skal vere enkelt for deg å kjøpe billett om bord, må vi ha det beste billettsystemet. Vi jobbar heile tida med å forbetre systemet, og dette gjer det no mogleg at bankkortet ditt kan fungere som billett på alle bussar og båtar i Hordaland. 

I Sogn og Fjordane har vi framleis eit anna billettsystem på bussar og båtar. Der kan ikkje bankkortet fungere som billett enno, men dette vil komme på plass etter kvart. 

Enklare for fleire

For dei fleste er mobilappen Skyss Billett framleis den enklaste måten å kjøpe billett på, men vi gjer det stadig enklare for reisande som treng å kjøpe billett på andre måtar også. Skyss er først ut blant kollektivselskapa i Noreg med billett knytt til bankkortet.  

Videoen informerer om billettkjøp med bankkort.

Publisert:

Oppdatert: