Hopp til hovedinnald

Frå og med 14. mars splittar vi rute 292 i tre rutenummer for å gjere det enklare for reisande å finne informasjon om si rute. Vi deler ruta slik:

  • 292: Florø–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget vest)
  • 293: Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy (Florabassenget nord)
  • 294: Fellesturar Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn  (Florabassenget vest og nord). Dette er lasterute onsdag, kveldsruter og ruter i helg.

Reiseplanleggaren og rutetabellar er oppdaterte. 

SMS-varsling

Dersom du har abonnert på SMS-varsel på rute 292, bør du no sjekke om du har varsel for det som er rett rute for deg. 

Les meir om SMS-varsling her.

Bestillingsstopp kan bestillast dagen før

Dersom du skal reise frå eit bestillingsstopp kan du no ringe dagen før for å bestille reise med dei to første avgangane:

  • Rute 291 sør: kl. 5.10 og 6.45
  • Rute 292 vest: kl. 5.25 og 6.55 
  • Rute 293 nord: kl. 5.20 og 6.50

Du kan ringe mellom kl. 15.00 - 18.00 dagen før på telefonnummer 94 83 86 99.

Felles telefonnummer for bestillingsstopp

Frå 14. mars kan du ringe til telefonnummer 94 83 86 99 for å bestille båt til bestillingsstopp. Du trykker så på tastetrykk (1, 2, 3 eller 4) for ruta som er aktuell for deg.

  • Tastetrykk 1: Rute 291 Florabassenget sør, og bestillingsstoppa 

    Ålvora, Veiesund, Stavang, Askrova og Svanøy.

  • Tastetrykk 2: Rute 292 Florabassenget vest, og bestillingsstoppa Kinn, Skorpa, Skorpeide, Selvåg, Søre Nekkøy, Ånnøy og Færøyna.

  • Tastetrykk 3: Rute 293 Florabassenget nord, og bestillingsstoppa Villevik, Nærøy, Vevling, Fanøy, Batalden og Barekstad.

  • Tastetrykk 4: Rute 294 Fellesturar i Florabassenget vest og nord. Lasterute onsdag føremiddag, kveldsruter og ruter laurdag og søndag.

Publisert:

Oppdatert: