Gladmelding for deg med gyldig billett!
Betaler du alltid for reisa di? Då kan du slappe av, nyte reisa, og sleppe å speide etter billettkontrolløren.

Med billett kan du slappe av
Sjølv på korte reiser kan det bli billettkontroll. Og sniking på korte reiser gir like stort gebyr som på lange.
Men slikt slepp du å tenke på når du har gyldig billett. Då kan du nyte reisa utan å måtte speide nervøst etter billettkontrolløren som kan dukke opp når som helst.
Så ikkje snik. Ver glad. Kjøp billett.
Kvar billett tel
Sniking er dumt for alle som ønsker eit godt kollektivtilbod. Det gir lågare billettinntekter, og dermed mindre pengar til overs til å halde ved like, utvikle og betre kollektivtilbodet.
Så tusen takk til deg som alltid kjøper billett. Du bidrar til eit betre kollektivtilbod – for alle. Velkommen om bord!
Periodebillett eller enkeltbillett?
Vi har mange typar billettar, anten du reiser ofte eller sjeldan.
Her finn du informasjon om alle billettypane våre.
Saumlaus reise med Skyss sine appar
I appen Skyss Reise kan du planlegge reisa di og sjå kor nærmaste haldeplass ligg, mens du i appen Skyss Billett kjøper billett raskt og enkelt.
Last ned appen Skyss Billett:
Publisert:
Oppdatert: