Slik er kollektivtrafikken organisert
Skyss planlegg og administrerer det offentlege rutetilbodet for buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Sjølve transporten vert utført av trafikkselskap etter anbodskonkurransar. Skyss følgjer opp kontraktane og trafikkselskapa og måler kvaliteten i tilbodet.
Der tilbodet er anbodsutsett i såkalla bruttokontraktar, har Skyss ansvar for billettsystem, marknadsføring, ruteinformasjon og kundeservice. Dette gjeld i dag dei fleste transportkontraktane, med unnatak av nokre lokalbåtruter med nettokontrakt. I nettokontraktane er det operatøren som har ansvar for marknad, informasjon og billettering.
Ingen delar av kollektivsystemet i Vestland er sjølvfinansiert med billettinntekter. Gjennom kontraktane betalar Skyss trafikkselskapa for drifta av tilbodet. Billettinntektene dekkjer i snitt kring 40 prosent av Skyss sine kostnader. Alle billettinntekter vert nytta til drifta av kollektivtilbodet. Resten av kostnadene vert dekka av overføringar frå fylkeskommunen sitt budsjett. Sidan kollektivtilbodet dermed kostar pengar å drive, må Skyss og fylkeskommunen jamt prioritere kva ressursane skal nyttast til og korleis vi kan få mest mogleg kollektivtrafikk att for pengane.
Om buss
Skyss planlegg og finansierer rutetilbodet for busstrafikken i Vestland og har også ansvar for billettsystem, marknadsføring, ruteinformasjon og kundeservice. Skyss har ikkje ansvar for kommersielle busstilbod, som til dømes Flybussen og NOR-WAY Bussekspress.
Sjølve busskøyringa er konkurranseutsett. Kommersielle trafikkselskap konkurrerer om kontraktane for køyring i dei ulike ruteområda. Skyss planlegg rutetilbodet, definerer krava i anbodskonkurransane, tildeler kontraktar og følgjer opp kvaliteten på tilbodet. Trafikkselskapa kjøper og eig bussane, har arbeidsgjevaransvaret for sjåførane og set saman rutetilbodet i køyreplanar og skift.
Vestland fylke er delt inn i 11 ruteområde for buss. Dette er driftskontraktar og trafikkselskap (i parentes: kontraktslengder pluss tal år Skyss kan velje å forlenge kontrakten):
- Bergen sør (inkl. Os og frå 01.01.2020 inkl. Austevoll): Tide Buss AS (16.08.2019–25.06.2028 + 1 + 1 år)
- Bergen sentrum: Tide Buss og Bane AS AS (01.12.2020–30.06.2030 + 1 + 1 år)
- Bergen nord (inkl. Osterøy og Servicelinjene i Bergen): Tide Buss AS (01.10.2020–30.06.2030 + 1 + 1 år)
- Vest (Øygarden/Askøy): Tide Buss AS (25.06.2019–25.06.2028 + 1 + 1 år)
- Sunnhordland: Tide Buss AS (02.07.2017–28.06.2026)
- Hardanger/Voss: Tide Buss AS (16.08.2016–22.06.2025)
- Modalen/Vaksdal: Modalen-Eksingedalen Billag AS (16.08.2016–22.06.2025)
- Nordhordland: Vy Buss AS (16.08.2018–15.08.2027)
- Sunnfjord: Firda Billag AS (20.06.2016–23.06.2026)
- Nordfjord: Firda Billag AS (23.06.2014–19.06.2025)
- Sogn: Tide Buss AS (19.06.2017–22.06.2026)
Skyss planlegg og lyser ut nye anbodskonkurransar i god tid før kontraktane går ut.
Om ferje
Skyss planlegg og finansierer ferjetilbodet for fylkesvegferjene i Vestland. Sjølve drifta av ferjene er konkurranseutsett. Kommersielle trafikkselskap konkurrerer om driftskontraktane for sambanda, og det er ofte fleire samband i ein kontrakt. Skyss planlegg ferjetilbod og rutetider, definerer krava i anbodskonkurransane, tildeler kontraktar og følgjer opp kvaliteten på tilbodet. Trafikkselskapa kjøper, eig og driftar fartøya og har arbeidsgjevaransvaret for mannskapa.
Mange av ferjene i Vestland er elektriske.
Ferjedrifta i fylkesvegnettet i Vestland omfattar i alt 25 ferjesamband. Her er oversikt over kontraktar, trafikkselskap og samband (kontraktslengder i parentes):
Fjord1 AS (01.01.2020 – 31.12.2029):
- Krokeide – Hufthamar (starta 01.01.2018)
- Husavik – Sandvikvåg (starta 01.01.2018)
- Leirvåg – Sløvåg
- Fedje – Sævrøy
- Hatvik – Venjaneset
- Halhjem – Våge
- Langevåg – Buavåg
Fjord1 AS (01.01.2020 – 31.12.2028 + 1):
- Skjersholmane – Ranavik
- Jektevik – Nordhuglo – Hodnanes
- Gjermundshavn – Varaldsøy – Årsnes
- Jondal – Tørvikbygd
Norled AS (01.01.2020 – 31.12.2028 + 1):
- Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad
- Fjelberg – Sydnes – Utbjoa – Borgundøy
Wergeland AS (01.01.2019–31.12.2028 + 1):
- Masfjordnes – Duesund
Boreal Sjø AS (1.1.2020–31.12.2028 + 1):
- Kvanndal – Utne
- Kinsarvik – Utne
- Skånevik – Matre – Utåker
Fjord1 AS (varer til 31.12.2026):
- Måløy – Oldeide – Husevågøy (starta 01.01.2017)
- Isane – Stårheim (starta 01.01.2017)
- Askvoll – Gjervik – Fure – Værlandet (starta 01.01.2016)
- Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella – Losna (starta 01.01.2018)
Norled AS (01.05.2024–30.04.2036 + inntil 2 år) (del av kontrakt med fleire båtsamband i Nordfjord, Sunnfjord og Sognefjorden):
- Kaupanger kai - Frønningen
Wergeland AS (01.09.2013–31.12.2026):
- Mjånes – Hisarøy
GulenSkyss AS (01.01.2020–31.12.2026):
- Daløy – Haldorsneset
Vidar Hop Skyssbåtar AS (01.06.2019–31.05.2029 + inntil 2 år):
- Barmen – Barmsund
Skyss planlegg og lyser ut nye anbodskonkurransar i god tid før kontraktane går ut.
Ferjesamband i Vestland som andre administrerer:
- Breistein – Valestrand: Privat ferjeselskap med løyve for kommersiell drift
- Solvorn – Ornes: Administrert av Luster kommune
- Alle ferjesamband i riksvegnettet er administrert av Statens vegvesen:
- Halhjem – Sandvikvåg
- Lavik – Oppedal
- Lote – Anda
- Fodnes – Mannheller
- Hella – Vangsnes
- Dragsvik – Vangsnes
- Hella – Dragsvik
Om bybanen
Fleire aktørar deler på ansvaret for bybanen.
Skyss har ansvar for planlegging av rutetilbodet, billettar og prisar, billettsystem, marknadsføring og kundeservice.
Bybanen AS har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av infrastrukturen og vognmateriellet, og for teknisk drift av lystavler og sanntidsinformasjon i vognene og på haldeplassane. Bybanen AS er heileigd av Vestland fylkeskommune. Køyringa av bybanen er konkurranseutsett, og Bybanen AS handsamar anbod og kontraktsoppfølging.
Tide Buss og Bane AS har driftskontrakten, som gjeld frå 01.07.2019. Tide Buss og Bane AS er arbeidsgjevar for førarane og bemannar driftssentralen.
Bybanen Utbygging er ein seksjon i Vestland fylkeskommune og har ansvaret for prosjektering og anleggsarbeid for vedtekne byggetrinn av bybanen.
Bergen kommune har planmynde og utarbeider reguleringsplanar for framtidige byggetrinn av bybanen.
Bybanen er eit tiltak i Miljøløftet.
Om båt
Skyss administrerer det offentlege passasjerbåttilbodet i Vestland. Drifta av båtane er konkurranseutsett, og kommersielle trafikkselskap konkurrerer om driftskontraktane for båtsambanda. Det er ofte fleire samband i ein kontrakt.
Skyss planlegg båttilbod og rutetider, definerer krava i anbodskonkurransane, tildeler kontraktar og følgjer opp kvaliteten på tilbodet. Trafikkselskapa eig og driftar fartøya og har arbeidsgjevaransvaret for mannskapa.
Skyss administrerer ei rekkje båtkontraktar i Vestland. Nokre av dei er bruttokontraktar, som tyder at Skyss har inntektsrisikoen og ansvar for ruteinformasjon, marknadsføring og billettsystem. Andre er nettokontraktar, som tyder at det er operatøren som har inntektsansvaret og ansvar for ruteinformasjon, marknadsføring og billettsystem.
Oversikt over alle båtruter (i parentes: kontraktslengder pluss tal år Skyss kan velje å forlenge kontrakten)
Båtruter med bruttokontrakt:
- Sunnhordland og Austevoll: Norled AS (01.01.2014–31.12.2027):
- Sunnhordland–Austevoll–Bergen
- Austevoll lokalbåt
- Bybåtsambanda i Bergen: Norled AS
- Knarvik–Frekhaug–Bergen (01.01.2023–19.01.2025)
- Kleppestø–Bergen (01.01.2023–19.01.2025)
- Lokalbåt Gulen og Solund: Vidar Hop Skyssbåter AS (01.05.2022–24.06.2029 + 1+1)
- Gulen–Ytre Solund
- Hardbakke–Nåra–Mjømna
- Hardbakke–Kolgrov–Utvær
- Gåsvær–Midtre Solund–Hardbakke
- Nord-Solund
- Kystvegekspressen (Florø–Smørhamn–Måløy–Selje): Norled AS (01.05.2024–30.04.2025 + inntil 4 år)
- Lokalbåtar i Nordfjord, Sunnfjord og Sognefjorden: Norled AS (01.05.2024–30.04.2036 + inntil 2 år)
- Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy (Florabassenget sør)
- Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget nord og vest)
- Måløy–Silda
- Måløy–Gangsøy–Risøy
- Vik–Ortnevik
- Ortnevik–Måren–Nordeide
- Kaupanger kai–Frønningen
Båtruter med nettokontrakt:
- Ekspressbåt Sogn og Fjordane: Norled AS (01.05.2022–30.11.2026)
- Nordfjord–Bergen
- Sogn–Bergen
- Sommarrute Bergen–Flåm
- L. Rødne & Sønner AS (01.01.2014–31.12.2027)
- Rosendal–Bergen
- Reksteren–Våge–Os
- GulenSkyss AS (01.01.2014–31.12.2027)
- Espevær–Eidesvik
- Hellesøy–Lyngøy–Hernar
- Hardanger turistrute (Norheimsund–Eidfjord): Norled AS (01.05.2020–30.09.2026)
- Geitanger–Knappskog: Geitanger Transport AS (01.07.2019–01.07.2026)
- Osterfjorden båtrute: Osterøy Ferjeselskap AS (01.08.2019–31.07.2026)
Skyss planlegg og lyser ut nye anbodskonkurransar i god tid før kontraktane går ut.