For media og presse
Her finn du kontaktopplysningar, pressemeldingar og meir informasjon.
Skyss har ansvaret for det offentlege kollektivtilbodet i Vestland. Transporttenestene blir utførte av trafikkselskap som har kontraktar med Skyss.
Du kan lesa meir om Skyss her:
- Kven er Skyss?
- Slik er kollektivtrafikken organisert
- Dokumentoversikt (årsrapportar, strategiar, analyser m.m)
Kven svarer på kva?
Skyss svarer på spørsmål om avvik i kollektivtrafikken, transporttilbod og endringar i dette, reisetal, kontraktsmessige tilhøve, miljøkrav, billettar og prisar, billettkontroll, marknadsføring, med meir. Informasjon om innstillingar og liknande vert fortløpande meldt på skyss.no/avvik/.
- Når det gjeld Bybanen svarer Skyss på spørsmål som gjeld tilbodet til dei reisande. Spørsmål som handlar om infrastruktur eller vognmateriell kan rettast til Bybanen AS (bybanen.no).
- Bybanen AS har også ansvar for trolleybussinfrastruktur.
- Spørsmål som gjeld sjåførar / mannskap eller konkrete hendingar med transportmiddel, må rettast direkte til selskapa som driftar dei på kontrakt med Skyss. Sjå oversikt over kontraktane for detaljar.
- Spørsmål om busskur må rettast til vegeigar. For kommunale vegar er dette den aktuelle kommunen, gjeld det fylkesveg kan fylkeskommunen (vestlandfylke.no) kontaktast og for riksveg Statens Vegvesen.
- Spørsmål om garasjar og terminalar kan rettast til fylkeskommunen si eigedomsavdeling, sjå presseinformasjon på vestlandfylke.no.
Pressekontaktar i Skyss
Utanfor vanleg kontortid svarar Skyss berre på spørsmål som gjeld akutte hendingar og situasjonar. Andre spørsmål vert svart ut i kontortida. Vi ber om forståing for dette.
Kontaktpunkt for media:
- Pressekontakt Øyvind Strømmen, mobil 45 65 74 23, e-post: oyvind.strommen@skyss.no
- Pressekontakt Vetle Nordgård Mikkelsen, mobil 91 91 21 05, e-post: vetle-einar.nordgard.mikkelsen@skyss.no
NB! Kontaktpunkta gjeld berre spørsmål frå media. Har du spørsmål som kunde, kan du nytte kontaktskjemaet vårt.
Pressefoto og pressemeldingar
Publisert:
Oppdatert: