Hopp til hovedinnald

Skyss skal vere eit samla kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Til dagleg jobbar vi med å:

  • planlegge og vidareutvikle linjenett og rutetilbod
  • tildele kontraktar for køyring av buss, bybane, båt og ferjer ved hjelp av anbodskonkurransar
  • planlegge skoleruter og koordinere skoleskyss
  • informere om og marknadsføre reisetilbod og kundeløysingar
  • gi kundeservice
  • utvikle kombinerte mobilitetstenester

Skyss er underlagt Vestland fylkeskommune si avdeling for mobilitet og kollektiv. Transporttenestene blir utførte av trafikkselskap som har kontraktar med Skyss. 

Bybanen AS er eit heileigd fylkeskommunalt selskap, og har ansvar for drift og forvaltning av infrastruktur og vognmateriell på Bybanen. Dei leverer dessutan passasjertransport til Skyss. For meir informasjon om Bybanen AS, sjå deira eigne nettsider, bybanen.no.

Styringsdokument

Regional transportplan for Vestland 2022-2033 vart vedtatt av fylkestinget i desember 2021. Planen har mål om at «Vestland skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling».

Strategi for berekraftig mobilitet i Vestland 2022-2033 (pdf) er ein del av den regionale transportplanen.

Strategien skal understøtte dei overordna måla for Vestland fylkeskommune og sikre ei berekraftig utvikling for regionen. Strategi for berekraftig mobilitet viser korleis Skyss skal nå målet om å utvikle eit velfungerande og berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn.

Styring

Skyss sitt øvste styre er fylkestinget i Vestland, som vedtar overordna strategiar, budsjett og fattar vedtak i prinsipielle og budsjettmessige enkeltsaker.

Du finn politiske saker for Vestland fylkesting via kalenderen for politisk sakshandsaming (elementscloud.no).

Avdelingar i Skyss

Organisasjonskart for Skyss. Skyss vert leia av ein direktør, og ei leiargruppe som inkluderer leiarane av dei ulike avdelingane: strategi og organisasjon; økonomi og administrasjon; transporttilbod; digital transformasjon og teknologi; kunde og marknad; og kontrakt. Tre av avdelingane har eigne faggrupper organisert under seg. Under avdelinga transporttilbod ligg faggruppene tilbodsutvikling, ruteplanlegging og skoleskyss. Under avdelinga kunde og marknad ligg faggruppene forretningsutvikling; kundeservice; og kundeinformasjon og marknadsføring. Under avdelinga digital transformasjon og teknologi ligg faggruppa Drift og forvaltning mobilitetsteknologi.
Organisasjonskart for Skyss.
  • Avdeling strategi og organisasjon skal ivareta den interne og eksterne kommunikasjonen, og legge til rette for at Skyss som organisasjon er i stand til å levere på samfunnsoppdraget.
  • Avdeling økonomi og administrasjon skal sørge for god og riktig informasjon om økonomiske forhold, slik at organisasjonen kan ta strategiske val og avgjersler i samsvar med visjon, mål og gjeldande planar.
  • Avdeling transporttilbod skal sørge for ei systematisk forvalting og utvikling av rutetilbodet, slik at dei reisande sine behov vert møtt best mogleg. Avdelinga skal dessutan legge til rette for at tilbodet vert basert på null- og lågutsleppsløysingar. Avdeling Transporttilbod har også ansvar for den lovfesta skuleskyssen.
  • Avdeling kunde og marknad skal gjennom å vere tett på kunden kontinuerleg forvalte og forbetre konsept og produkt, og sikre at alle våre møte med kunde gir den same, positive opplevinga. Avdelinga arbeider også med utprøving og etablering av nye mobilitetsløysingar.
  • Avdeling digital transformasjon og teknologi skal vere pådrivar for digital omstilling og leie digitaliseringsinitiativ på vegner av Skyss. Dei står også for eigarskapforvaltning av verksemdsarkitektur, systemarkitektur og tekniske løysingar.
  • Avdeling kontrakt har ansvar for anskaffing og oppfølging av mobilitetskontraktar, gjennom strategisk samarbeid med operatørane.

Leiargruppa i Skyss

imagezqtp6.png

Målfrid Vik Sønstabø

direktør

blobid1.png

Camilla Selch

leiar for strategi og organisasjon

imagehnvr8.png

Gudrun Einbu

leiar for transporttilbod

Karl Inge Nygård_s.jpg

Karl Inge Nygård

leiar for kontrakt

Knut Peder Eriksen_s.jpg

Knut Peder Eriksen

leiar for økonomi og administrasjon

imagek9hfw.png

Hallvard Natvik

leiar for kunde og marknad

blobid1.png

Camilla Selch

konstituert leiar for 
digital transformasjon og teknologi

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå: