Hopp til hovedinnald

Medan pandemien framleis viser tydeleg att på passasjerstatistikken for dei fyrste månadane i 2022, er det ei klår normalisering på hausten. Denne tendensen er aller tydelegast i bergensområdet. Bybanen hadde i 2022 ei auke i passasjertalet på 2,5 prosent, samanlikna med «normalåret» 2019. For buss i bergensområdet er det stadig ein svak nedgang, på 1,8 prosent, samanlikna med 2019, men samanlikna med pandemiåra 2020 og 2021 er veksten monaleg.

– Auken i kollektivtrafikken i Bergen er i landstoppen, og sett opp mot 2019-tala er utviklinga betre enn i Oslo. Takk, Bergen!, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Når ein ser på buss og bybane i bergensområdet samla låg passasjertalet noko under 2019 fram til mai, medan dei på hausten var høgare enn i 2019.

Tala så langt i 2023 bekreftar utviklinga. Både i januar og februar hadde Bybanen linje 1 (til Flesland) høgare påstigingstal enn i 2019, og linje 2 (til Fyllingsdalen) kjem i tillegg. Bussane i bergensområdet hadde i januar nær 4,7 millionar påstigande og i februar nær 4,5 millionar, noko som innebar ein svak nedgang samanlikna med 2019 i januar og ein svak oppgang i februar.

– Vi er glade for å sjå den positive utviklinga i bergensområdet. At fleire vel å reisa kollektivt er også viktig for å oppnå måla i Miljøløftet, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.

Fylkesordførar Jon Askeland ser likevel med ei viss uro på at reisevanane etter pandemien tek tid å endra: – Auka bruk av heimekontor er nok ein del av årsaka, men spesielt i bergensområdet er køane i rushtida aukande igjen. Difor er det viktig med vidare breitt samarbeider og tiltak for å gjera kvardagen køfri, seier han.

Annleis bilete utanfor bergensområdet

Utviklinga i passasjertal utanfor bergensområdet ser annleis ut. I Hordaland utanfor bergensområdet var nedgangen i passasjertal framleis på 29,8 prosent, når ein samanlikner 2022-tal og 2019-tal, og i Sogn og Fjordane var nedgangen på 15,5 prosent.

For desse områda har også veksten frå 2021 vore svakare, 3,8 prosent i Hordaland og 8,9 prosent i Sogn og Fjordane.

– Dette kan vere ei uttrykk for at endringar i reisemønster under pandemien har satt seg meir i distrikta, seier Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø. – Samstundes viser det at vi har ein jobb å gjere, både med å leggje til rette for attraktive kollektivreiser utanfor bergensområdet, og med å marknadsføre tilbodet.

Sønstabø viser samstundes til at Vestland fylke i 2022 fekk ein felles sonestruktur for buss i heile fylket, noko som inneber at det har vorte rimelegare å reisa for svært mange i Sogn og Fjordane. 

– I motsetnad til mykje anna har heller ikkje prisane på buss auka desse fyrste månadene i 2023, og det har vorte billegare å reisa for både studentar og familiar. Vi håper det bidreg til at bussen vert eit tiltalande alternativ for fleire, seier ho.

Den felles sonestrukturen omfattar også Bybanen og nokre båtruter. 

Stor vekst samla sett

Skyss sine samla passasjertal for 2022 var på 83,8 millionar passasjerar, inkludert både buss, bybane, båt og ferjepassasjerar. Det er litt lågare enn dei 87,1 millionane passasjerar som vart registrert i 2019, men samstundes ein vekst på heile 26,9 prosent samanlikna med 2021.

Publisert:

Oppdatert: