Veksten i reisetala held fram
I 2024 var det i gjennomsnitt om lag 306 000 daglege påstigingar på kvardagar på buss, bybane og båt i Vestland fylke, viser fersk kollektivstatistikk frå Skyss.

Totalt var det 92,7 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland i 2024, mot 89,1 millionar i 2023.
– Eg blir lukkeleg av slike tal. Dei syner den enorme suksessen som kollektivsatsinga i Vestland, med bybanen i spissen, har vore. Vestlendingane har stemt med føtene og viser at dei ønsker å reise miljøvenleg, seier fylkesordførar Jon Askeland.
– Kollektivtrafikken speler ei ekstremt viktig rolle i trafikkavviklinga særleg i byområdet, fordi den sikrar framkomst og eit meir effektivt trafikksystem for alle. Talet på daglege påstigingar viser tydeleg at bergensområdet ikkje ville fungert utan kollektivtrafikken, seier Askeland.
Ti tusen fleire om dagen
Totalt føregjekk meir enn 9 av 10 av alle kollektivreisene i Bergen og omegnskommunane, eller 85,4 millionar påstigingar (92 prosent). Det er også her veksten har vore størst. I samspelet buss, bybane og bybåt har prosentvis vekst vore 4 prosent.
I Bergen og omegnskommunane var det 1,7 millionar fleire påstigingar på buss i 2024 enn året før, ein auke frå eit allereie høgt tal. I 2024 var det ein auke på heile 10 000 fleire påstigingar dagleg på kvardagar samanlikna med 2023.
Bybanesuksessen held fram
Bybanen har den største prosentvise auken. I 2024 var det 25,9 millionar påstigingar på bybanen, mot 24,3 millionar året før. Auken på bybanen var dermed 6 prosent.
Begge bybanelinjene har fått fleire reisande, men det er lillebror, linje 2 til Fyllingsdalen som aukar mest. Linje 2 auka med 16 prosent, frå 4,9 millionar til 5,8 millionar påstigingar i 2024.
Linje 1 mellom Bergen sentrum og flyplassen passerte 20 millionar påstigingar for første gong, mot 19,3 millionar i 2023, som er ein auke på 4 prosent.
– Linje 2 har ein sterk vekst, som er naturleg og forventa. Linje 2 har god kapasitet og er bygd for vidare byutvikling. Alt ligg til rette for ein ytterlegare passasjervekst i åra som kjem, seier fylkesordførar Askeland.
Over 100 000 på bybanen på enkeltdagar
Bybanen er eit sentralt drivverk for byområdet. Den sto for heile 28 prosent av alle kollektivreisene i Vestland i 2024. Bybanen har svært stor innverknad på trafikkmønstra i bergensområdet og har ei viktig rolle i å avlaste vegnettet.
I snitt er det om lag 62 000 påstigingar om dagen på kvardagar på linje 1, og om lag 18 000 på linje 2.
På fleire enkeltdagar i 2024 var det til saman over 100 000 påstigingar på dei to linjene. Ein av desse dagane var 17. mai, då linje 1 hadde over 80 000 påstigande, medan linje 2 hadde nær 25 000.
Stabile reisetal for båt
Båtrutene i Vestland hadde nær 1,8 millionar reisande i 2024, ein auke på 2 prosent frå året før.
Nordhordlandsruta hadde 157 000 påstigingar i 2024, mot 164 000 i 2023. Dette er ein liten nedgang, men kan sjåast som ei stabilisering etter rekordveksten året før, då båten vart del av sone A for buss, slik at billettane vart billigare.
Askøyruta har på si side auka med 4 prosent, frå 657 000 påstigingar i 2023 til 685 000 i 2024.
– Kollektivtilbodet er elles svært viktig for dei som ikkje har like lett for å kome seg rundt på eiga hand, som ungdom, eldre, flyktningar og sårbare grupper. Eit godt nok tilbod i distrikta motverkar utanforskap, og vi gler oss over at vi stadig får på plass nye, brukarretta løysingar som bestillingstransport, seier Askeland.
Ferjetrafikken har auka
På fylkesvegferjene auka talet på køyretøy med 3 prosent. I 2024 var det 3,2 millionar køyretøy som reiste med ferjene, eller nær 4,5 millionar personbileiningar.
(Foto: Morten Wanvik/Skyss)
Publisert:
Oppdatert: