Hopp til hovedinnald

Vestland fylke har ein kompleks geografi, og rutetilbodet er eit omfattande puslespel. Skyss skal setje saman tilbodet for buss, båt, ferje, vi skal tilpasse oss til togtider, og start- og slutt-tider på skolane set rammene for skoleskyssen. Vi jobbar mykje med å justere rutetider, særleg for buss, mellom anna for å få best mogleg samband mellom transportmidla.

Vi skulle gjerne ønskt at alt kunne henge saman med alt, men vi vil aldri få alle brikkene til å passe heilt, og ofte må vi prioritere mellom ulike omsyn.

Økonomien set grenser

Sidan det er dyrare å drive kollektivtransporten enn billettinntektene dekker, er det ikkje mogleg å dekke alle reisebehov. Når vi planlegg rutene for kollektivtrafikken, må vi halde oss innanfor dei økonomiske rammene og strategiane som fylkestinget set. Rammene vert sett kvart år i den politiske handsaminga av budsjettet i fylkestinget i desember.

Både kundar og operatørar melder frå

Kundar kontaktar oss året rundt, til dømes om tilbod dei saknar eller der byte mellom transportmiddel ikkje klaffar. Der det er mogleg, justerer vi etter kvart.

To-tre gongar i året samlar vi kundeinnspel for å gå nærare gjennom kva vi kan forbetre. Hovudendringa kjem med haustrutene som startar i august.

Operatørselskapa som køyrer bussane for oss melder også frå, til dømes dersom korrespondansar ikkje treff eller om rutetida ikkje stemmer med tida bussen bruker for å køyre ruta. Skyss gjer også eigne køyretidsmålingar. Varierande framkomst i trafikken gjer det ofte umogleg å treffe eksakt i ruteplanlegginga. Trafikksituasjonen kan variere mykje både gjennom døgnet og mellom ulike vekedagar. Ein buss kan til dømes stå i kø i rushtida måndag, men komme seg raskt fram i rushtida torsdag, og då er det ikkje opplagt kva som er «rett» rutetid..

Kommunane kjem med innspel

For å fange opp lokale behov, har Skyss ein fast, årleg dialog med alle kommunar i Vestland. Her kan kommunane komme med innspel til justeringar i rutetilbodet for buss, båt og ferje. Vi må vanlegvis endre tilbodet innanfor dei økonomiske rammene som vi allereie har, og derfor er det ofte snakk om å omprioritere: Dersom noko skal aukast, må noko anna kuttast.

Kommunane kan sende konkrete innspel om endringar skriftleg til Skyss. Det kan til dømes vere forslag til endring av rutetider for å gjere korrespondansar betre, eller å tilpasse tilbodet betre til lokale aktivitetar eller bestemte målgrupper. Skyss ønsker at kommunane sjølv skal koordinere innspela dei har fått frå ulike aktørar, sånn at vi i størst mogleg grad får ei samla prioritering for kvar kommune. I år er fristen for skriftlege innspel 31. januar 2022.

Samla møte med mange kommunar

Skyss inviterer også tidleg på året til regionale møte for kommunar og regionråd. Det vert halde eitt møte for den nordre delen av fylket og eitt møte for den søre. Skyss har tilsvarande dialog med kommunane i byvekstavtaleområdet (Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden). I møta får kommunane høve til å løfte fram eigne og felles problemstillingar som har med det lokale og regionale rutetilbodet å gjere.

Vi tar med oss innspela frå kommunane i arbeidet vårt med haustrutene.

Skoleskyss vert planlagt om våren

Skyss har ansvaret for skoletransport for kring 27 000 elevar på over 450 skolar i Vestland. Fordi dette arbeidet er svært omfattande, byrjar vi å planlegge skolerutene på vårparten. Vi må tidleg ha oversikt over kor mange skolebussar vi treng ved skolestart i august. Dersom det ikkje finst nok bussar, tek det nemleg om lag eit halvt år å få bestilt ny buss frå fabrikk.

Skolane må derfor innan 1. mars melde inn alle elevar som har lovfesta rett til skoleskyss, saman med start- og sluttidene for undervisninga til desse. Dersom skolen får nye elever med skyssrett etter fristen, må dei søke om skyss så raskt som mogleg. Innmeldingane gir Skyss oversikt over kor mange elevar som har rett på transport på kvar skole. Vi veit ikkje på førehand kor mange andre elevar som vil velje å reise med oss i tillegg til dei med skyssrett. Etter skulestart om hausten følgjer vi derfor nøye med på passasjertala og vurderer om vi kan gjere endringar der vi ser at det er fulle bussar.

Publisert:

Oppdatert: