Hopp til hovedinnald

Skyss og MUST LivingLab inviterer til ein innovasjonskonkurranse for å finne entreprenørar og innovatørar som kan utvikle ei bestillings- og informasjonsteneste for digitale mobilitetsløysingar, særleg tilpassa eldre og «ikkje-digitale» menneske.

 Digitale løysingar vil ta meir plass i Skyss sitt mobilitetstilbod framover, men vi har erfart at eldre og andre som ikkje nyttar digitale verktøy har utfordringar med å henge med i utviklinga. For å kunne tilby nye mobilitetstenester med ruter som vert tilpassa i sanntid etter brukarane sine behov, er vi avhengig av at alle kundegrupper kan bruke dei. At digitale mobilitetsløysingar blir tilgjengelege også for eldre er viktig for samfunnsoppdraget vårt.  Vi håpar at konkurransen kan gi oss entreprenørar som kan hjelpe oss med dette, seier Kari Steinsland i Skyss. 

MUST er eit innovasjonsnettverk for framtidas mobilitetsløysingar, organisert av Skyss, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen. Bjørn Klimek er leiar for MUST LivingLab og organiserer innovasjonskonkurransen på vegner av prosjektpartnarane. 

 Det er alltid målet vårt å legge til rette for innovasjonspartnarskap mellom både private og offentlege aktørar. Med denne konkurransen ønsker vi å invitere entreprenørar til eit innovasjons- og pilotprosjekt der formålet er å få etablert ei ny løysing, seier Bjørn Klimek. 

Løysingsforslaga i konkurransen skal i første omgang bli vurderte av ein jury med medlemmer frå mellom anna Innovasjon Norge, ITS Norge og Eldrerådet i Bergen. Fristen for løysingsforslag er fredag 14. mai 2021 kl. 12.00.

Fleire detaljar om konkurransen finn du her

Publisert:

Oppdatert: