Skyss tar grep for meir føreseielege sommarruter
Frå 26. juni 2023 vil Skyss gå over til sommarruter. Utfordringar med sjåførmangel vil også innebere endra frekvens på Bybanen i sommar, og endringar i delar av busstilbodet.

Utfordringane med sjåførmangel, som gjeld på nasjonalt nivå, gjer at ferieavviklinga i år skaper ekstra utfordringar for planlegging av både buss- og bybanetilbodet i Bergen. Då det ikkje er nok sjåførar og førarar til å køyre så ofte som først planlagt, har Skyss vald å tilpasse tilbodet.
- Vi håper dette vil gi eit føreseieleg tilbod i sommar. Samstundes er det sjølvsagt ikkje utan utfordringar når tilbodet på nokre linjer vert redusert. Vi håper likevel på kundane si forståing, seier direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø.
Kollektivtilbodet vert endra slik:
- Bybanelinje 1 og 2 vil køyre med 10 minuttars mellomrom i vekedagane, og 15 minuttars mellomrom i helgene. Dette vil i praksis seie at banen vil køyre med to minuttar lengre mellomrom enn ved ordinære sommarruter.
- Linje 3E og 4E kjem ikkje til å køyre i perioden 26. juni - 13. august
- På Osterøy vil enkelte avgangar på lokallinjer bli gjort om til bestillingturar i sommar. Se www.skyss.no/osterøy for meir informasjon.
Ved uføresette hendingar kan det komme endringar i tilbodet. Dette er noko vi vil informere om så tidleg som mogleg i reiseplanleggaren, og på nettstaden vår, skyss.no.
Skyss vil også minne om at Bergen busstasjon blir start- og endehaldeplass for begge bybanelinjene mellom 26. juni og 30. juli. Årsaka til dette er at Kaigaten blir stengd på grunn av vedlikehald av skinnene. Sjå: Kaigaten stengd i sommar (skyss.no).
Oppmodar til å planlegge reisa
Skyss anbefaler å sjekke reiseplanleggaren i app eller på skyss.no ved planlegging av reise.
Ved trengsel på Bybanen, kan det vere lurt å ta i bruk alternative reiseruter. Frå fleire haldeplassar kan buss vere eit alternativ til å bruke banen. Frå Kronstad vil det ofte lønne seg å ta i bruk linje to inn til sentrum, då denne ofte har færre reisande, og også er eit raskare alternativ til Bergen busstasjon. I andre situasjonar kan det å kombinera buss og bane med gonge, sykkel og elsparkesykkel vere eit godt alternativ.
Det kan også vere verdt å ha i mente, basert på erfaringar frå tidlegare år, at det kan bli noko meir trengsel dei første og siste vekene med sommarruter. I fellesferien har det vist seg å vere færre reisande.
Publisert:
Oppdatert: