Hopp til hovedinnald

Skoleskyss er ei viktig og omfattande oppgåve for Skyss. I 2022 innvilga vi skoleskyss til 21 000 grunnskoleelevar og 5000 vidaregåande elevar på rett under 450 skolar i Vestland. Om lag 2700 av elevane fekk tilrettelagt skyss med drosje eller privat skyssløysing. I førre skoleår var det også kring 600 elevar som fekk drosjeskyss av mellombelse medisinske årsaker.

Puslespelet startar året før

Dei mange tusen elevane som har rett på skoleskyss, skal ha eit transporttilbod til og frå skolen alle dei 190 skoledagane i året. Dei fleste av desse reiser med buss, og for å få nok tid til å organisere skyssen, må Skyss byrje å planlegge busstilbodet minst eit halvt år før skulestart. Alle grunnskolar har frist til 1. mars for å levere søknadar om skoleskyss. Dette er elevar som innfrir avstandsgrensa, eller skal bli vurdert for rett til skoleskyss på andre grunnlag. For at vi skal kunne planlegge bussrutene, må skolane også melde inn start- og sluttider for skoledagen til sine elevar.

Skolestart og morgonrush

Ein skolebuss dekker ofte fleire skolar, og for å få utnytta ressursane godt, ønsker vi å bruke bussane mest mogleg i løpet av dagen. Derfor er vi avhengige av at naboskolar har like start- og sluttider, eller at dei samkøyrer tidene sine. Ei generell utfordring er at skolestart og -slutt treff rushtida med alle andre som skal til og frå jobb, og som samstundes er eit tidspunkt der alle tilgjengelege bussar og sjåførar er ute i trafikken. Fleire av bussane står derimot parkerte midt på dagen og på kveldstid.

Skyss må ha tilstrekkeleg tid til å planlegge og organisere skyssen

Dersom skoleruta og talet på elevar ikkje er særleg endra frå året før, kan vi ofte nytte det same rutetilbodet vi har hatt. Ved auka elevtal eller dersom skolane endrar start- og sluttider på skoledagane, må Skyss vurdere korleis dette påverkar kapasiteten til vårt tilbod.

Skyss må ha tilstrekkeleg med tid til å planlegge og organisere skyssen. Behov for endringar i kapasitet og tilbod kan vere tidskrevande grunna fleire momenta, som blant planlegging mot operatør og leveringstid på busser. Derfor kan fristen 1. mars likevel vera utfordrande, men Skyss jobbar alltid for å finne best mogleg løysing for dei ulike skolane.

Elevar som tek drosje til skolen

Ein del elevar har tilrettelagt skoleskyss med drosje, anten av helseårsaker, eller fordi dei bur slik at det ikkje passar med buss. Det er opp mot 3500 drosjebestillingar som skal setjast saman til turar hos drosjeleverandørane våre, der dei planlegg samkøyring og turoppsett. Denne planlegginga byrjar dei med i slutten av juni.

I dette puslespelet er det ekstra viktig å ha oversikt over start- og sluttider, og ein del elevar har også individuelle timeplanar. Skolane melder i frå om timeplanar før sommaren, men i august mottar Skyss likevel ofte eit stort tal endringar. Då må planlagde samkøyringar bli planlagt på nytt, og det kan oppstå avvik som følge av at feile tider er meldt inn. Dette kan vidare råke sårbare elevar, noko vi helst ønskjer å unngå. Vi prøver å ha så kort behandlingstid som mogleg, men grunna dei mange førespurnadene som kjem rett før og etter skolestart er behandlingstida i august på inntil 14 dagar. Dette gjeld både nye søknadar og endring på eksisterande søknader.

Mange oppgåver

Skyss har mange ulike oppgåver gjennom året knytt til skoleskyss. Vi behandlar alle søknader om skoleskyss, fattar vedtak og følgjer opp dei som klager på vedtaka. Det er også viktig å sikre at vårt busstilbod gir riktig kapasitet til skolane, og at transportbestillingane som gjeld tilrettelagt skoleskyss blir samla og sendt ut til dei ulike drosjeleverandørane. Skyss har òg eit eige kundemottak for spørsmål og førespurnader som gjeld skoleskyss.

Godt samarbeid

Det er tett dialog mellom Skyss og skolar i Vestland, og vi har årlege informasjonsmøte med grunnskolar og vidaregåande skolar kvar vår. Det er også etablert gode samarbeidskanalar mot kommunane, og samarbeidsmøte med Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen, som administrerer dei vidaregåande skolane. Vi samarbeider også med den fylkeskommunale legenemnda, og ønskjer gjennom samarbeidet å sikre god kvalitet inn i saksbehandlinga som gjeld søknadar om skoleskyss grunna helseorsaka. Legenemnda hjelper Skyss med å vurdere skoleskyss på medisinsk grunnlag, og består av leger med lang erfaring innan allmennmedisin.

Det blir stadig stilt høgare krav og forventningar til utføringane av oppgåvene knytt skoleskyss, mellom anna frå Statsforvaltaren. Arbeid med auka digitalisering og gode brukargrensesnitt står derfor sentralt for å sikre kontinuerleg utvikling og forbetring av Skyss sine tenester.

Publisert:

Oppdatert: