Hopp til hovedinnald

Elevar med rett til fri skoleskyss ved ungdoms- og vidaregåande skoler i Vestland kan frå hausten av velje å få skoleskyssbilletten sin på mobilen. Skoleskyssbilletten vil ligge i appen Skyss Billett, der billetten vises som aktiv på alle skoledagar. 

Elevar som ønsker det, kan fortsette med dagens løysing med fysiske skolereisekort. 

Enkelt  

Elevar som allereie har testa skoleskyssbillett i billett-appen er godt fornøyde. Dei opplevde det som enkelt, og rekna det som mindre sannsynleg å gløyme reisebeviset når det var tilgjengeleg på telefonen.   

Betre for miljøet 

Utsending av skolereisekort og oblatar har ei negativ effekt på miljøet, og krev også ein del administrasjon for skolane som formidlar kort og oblat. Vi meiner derfor det er viktig å tilby eit meir brukarvennlege og berekraftige reisebevis, til det beste for både elevar, skolar og andre. 

Ny mobilfri løysing 

Elevar som ønskjer eit mobilfritt alternativ til skolereisekorta og oblata vil også få tilbud om eit nytt brukarvennleg reisebevis etter kvart. Det er dessverre ikkje klart til skulestart hausten 2023, men vi vil snart også kunne tilby ein ny mobilfri skolebillett. 
 
Her finn du meir informasjon om korleis elevane går fram for å få skoleskort i appen Skyss Billett: Skoleskyssbillett på mobil - Skyss

Publisert:

Oppdatert: