Hopp til hovedinnald

Mangel på bussjåførar har over tid vore ei utfordring, og har også hatt konsekvensar for kollektivtrafikken. I juni sette fylkesutvalet av tre til fem millionar kroner til å stø bussjåførutdanning.

Etter dialog mellom Skyss, operatørselskap og vidaregåande skular er det no inngått ei avtale som legg til rette for gratis sjåførutdanning; slik at fleire kan bli bussjåførar. Utdanninga dekker både teori og praktisk undervisning.

– Det er svært gledeleg at me no får dette på plass, seier fylkesordførar Jon Askeland, som håper på at tiltaket vil styrka rekrutteringa til eit viktig yrke. – Det er brei politisk semje om å legge til rette for at fleire skal reise kollektivt. Då treng vi også fleire bussjåførar.

Til saman 15 plassar våren 2024

Dei vidaregåande skulane manglar lærarressursar, og det blir difor naudsynt å også utdanne nokre kandidatar ved private køyreskular. Våren 2024 vert det plass til seks kandidatar ved Os vidaregåande skule, medan ni kan ta utdanninga ved private køyreskular, finansiert av Skyss.

Oppstart av utdanninga ved Os vidaregåande skule er i januar 2024. Der varer den i 19 veker, medan den ved dei private køyreskulane vil vere på åtte til ni veker.

Stipendordning under opplæring

Det at kandidatar risikerer tapt arbeidsforteneste eller bortfall av stønad frå NAV medan dei tek utdanning som bussjåfør har vore eit hinder for rekruttering. Det vert difor etablert ei stipendordning, der det vert gjeve støtte etter lengd på utdanninga. Dei som tar utdanninga ved Os vidaregåande skule vil få inntil 100.000 kroner i stipend, medan dei som tek ei kortare utdanning ved privat køyreskule får inntil 50.000 kroner.

Operatørane Tide og Vy tilset kandidatane og administrerer ordninga, medan Skyss finansierer henne. Dei kandidatane som får dette tilbodet, må på si side forplikta seg til kontraktskøyring i Vestland i tre år. Fullfører dei ikkje dette, skal delar av stipendet betalast tilbake.

Eit etterlengta tiltak

– Dette er etterlengta og nødvendig som eitt av fleire tiltak for å løysa rekrutteringsutfordringane i bussbransjen, seier Arild Nylend, prosjektleiar for rekruttering i Vy Buss. – Vi set stor pris på at Skyss set fokus på denne bransjeutfordringa, ser fram til eit godt og spanande prosjekt og gler oss til å komme i gang med å velja ut kandidatar.

Administrerande direktør Jørgen Haukås i Tide Buss AS stemmer i. – Vi er svært nøgde med dette samarbeidet. Å vere bussjåfør er ein meiningsfylt jobb, der ein utgjer ein positiv forskjell for andre menneske, miljøet og samfunnet. Vi oppfordrar alle dei som er glade i å køyre, i å møte nye menneske og i varierte arbeidsdagar om å søke, sier Haukås. – Vi kan tilby ein god, trygg og spennande jobb med gode kollegaer.

Meir informasjon finn du på skyss.no/sjåfør

Publisert:

Oppdatert: