Rabatt for deg som reiser av og til
Frå 1. februar blir ein ny type rabatt tilgjengeleg for våre reisande. I Skyss billett-appen vil du som kjøper enkeltbillett for vaksen, få større rabatt for kvar billett du kjøper.
Dei siste åra har det vore ei endring i reisevanane våre. Mange har varierande kvardagar, og reiser ikkje så ofte at det lønner seg med periodebillett. For å prøve å møte desse behova og å gjere det enklare å la bilen stå, kjem det no ei rabattordning også for dei som reiser av og til.
Reiserabatt har vore gjennom ei prøveordning med 1000 reisande i sone A i Vestland fylke, då under namnet fleksibel billett. Etter svært gode tilbakemeldingar frå testpanelet har fylkestinget vedteke å innføre reiserabatt, i tillegg til å utvide tilbodet til å gjelde alle soner.
– No gir vi reisande større valfridom og premierer dei som går over til kollektiv. Frå prøveordninga med reiserabatt har vi sett at godt over halvparten av dei som reiste med enkeltbillett seier at dei no reiser oftare kollektivt enn før. Med dette når vi eit nytt segment reisande, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Korleis fungerer det
Dei som kjøper enkeltbillett for vaksen vil tene seg opp ein personleg rabatt per enkeltbillett dei kjøper innanfor ein periode på 30 dagar. Jo fleire enkeltbillettar du kjøper, jo billigare vert den neste enkeltbilletten. Den reisande begynner å tene rabatt frå sitt første billettkjøp og får redusert pris allereie frå og med sitt andre billettkjøp. Rabatten aukar raskt i byrjinga og litt mindre etter kvart. Maksimal rabatt ein kan oppnå, er på heile 40 prosent av ordinær pris.
Rabatten får ein automatisk når ein kjøper enkeltbillett for vaksen i appen Skyss Billett, eller via appane til Entur og Vy. Meir informasjon om reiserabatten finn ein på våre nettsider.
Endring i prisane frå 1. februar
Grunna den generelle prisveksten i samfunnet vil det 1. februar bli ei justering av billettprisane i Vestland fylke.
– Det har blitt dyrare å drive kollektivtilbod, og auka kostnader har ført til at det er nødvendig med ei justering av prisane for å kunne oppretthalde tilbodet. Samstundes vil reiserabatten bøte på reiseutgiftene for dei som reiser ein del med buss, men ikkje nok til at ein periodebillett lønner seg, forklarer direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø.
Gladnyheit for studentar i alle aldrar
Frå 1. februar blir det òg ei endring i krava til kven som kan kjøpe studentbillett. Før var denne rabatten berre for heiltidsstudentar under 30 år. No blir den øvre aldersgrensa fjerna på buss, bybane og dei av båtane til Skyss som er inkludert i soneprising. Alle som er fulltidsstudentar får no rett på studentrabatten.
Publisert:
Oppdatert: