Mogleg ferje- og hurtigbåtstreik frå søndag 16. april
Fleire avgangar og enkelte samband kan bli ramma av streik frå førstkommande søndag.

Ved midnatt 15. april har partane i konflikten frist for mekling. Dei møtest hos Riksmeklaren, og LO har varsla streikeuttak for ein del av Norled, Boreal og Fjord1 sine tilsette i Skyss sitt område. Ein eventuell streik vil ta til frå arbeidsstart søndag 16. april.
Skyss er ikkje part i konflikten, men følger reglane rundt lovlege arbeidskonflikter, og har ikkje høve til å sette inn ekstra tiltak. Vi minner også om at reisegarantien ikkje gjeld for forseinkingar og innstillingar ved streik.
Ferjesamband og båtruter som kan bli omfatta av streik:
Ferje:
- Kvanndal – Utne vert innstilt
- Langevåg – Buavåg vert innstilt
- Gjermundshamn – Årsnes: ferje I vert innstilt
- Ranavik – Skjersholmane: ferje II vert innstilt
Båt:
- Bergen – Sogndal – Bergen vert innstilt
- Bergen – Selje – Bergen (MS Frøya vert innstilt)
- Nordhordlandsbåten (Knarvik – Frekhaug – Bergen) vert innstilt
- Sunnhordland – Austevoll – Bergen, båt III innstilt
Me gjer merksam på at ferjesamband på riksvegstrekningar, som det ikkje er Skyss som har ansvar for, også kan bli påverka.
Hold deg oppdatert
Buss, bybane og annan båttrafikk køyrer som normalt. Kundar blir oppfordra til å følge med i media og på skyss.no/avvik om eventuell utvikling av streiken.
Skyss sine heimesider blir oppdatert så raskt som mogleg når utfallet av forhandlingane er klare. Reiseplanleggaren blir oppdatert med avviksinformasjon på dei aktuelle linjene. På linjer der ikkje heile sambandet vert innstilt, blir det informert om kva turar som går ut.
Ved ein eventuell streik vil det kunne bli økt pågang på andre ferjesamband.
Publisert:
Oppdatert: