Nye bussprisar i Sogn og Fjordane frå 20. juni
20. juni innfører Skyss nye billettprisar for buss i Sogn og Fjordane, etter fylkestinget sitt vedtak i desember. Vestland fylke får dermed felles prisar og betalingsmåtar for buss og blir no samla til eitt kollektivrike.

Dette er ei utdatert pressemelding. Familierabatten vart 1. februar 2023 utvida til å gjelde alle dagar, heile året.
– Vi får eit meir rettferdig prissystem, og det vert enklare å reise kollektivt i Sogn og Fjordane. Lågare prisar vil gjere det meir attraktivt å pendle med buss, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.
Billegare for dei fleste
Endringa tyder at bussreiser blir billegare for dei fleste. I dag betaler ein dei fleste stader for tal kilometer ein reiser. Med sonepris vil ein frå 20. juni betale ein fast pris, uansett kor langt ein reiser innafor kvar sone. I ei sone vil ein enkeltbillett koste 40 kroner for vaksen. Med sonepris blir det ekstra billeg å reise langt. Til dømes har ein 30-dagarsbillett mellom Førde og Florø før kosta 2150 kroner, medan ny pris no vil bli 755 kroner.
Sogn og Fjordane blir delt i fire prissoner, og til saman blir det ti soner i heile Vestland. Ein betaler aldri for meir enn fire soner. Dei nye soneprisane vil gjelde på Skyss sine busslinjer og ikkje på ekspressbussar.
Nye aldersgrenser for barn
Alle rabattordningar for buss blir også like i heile Vestland, og aldersgrensa for barn blir endra i Sogn og Fjordane. Barn vil no reise gratis på bussen til dei fyller 6 år, og dei kan deretter bruke barnebillett heilt til dei fyller 18.
Laurdagar, søndagar og offentlege fridagar blir det familierabatt. Med familierabatt kan ein reisande over 18 år ta med seg inntil fire barn frå 6 år til og med 17 år, gratis på bussen. Den vaksne må ha gyldig billett.
Kjøp billett med mobilen
– Vi er også glade for å kunne opne for mobilbillett i Sogn og Fjordane, for vi veit at dette har vært etterlengta, seier Målfrid Vik Sønstabø. Frå 20. juni kan alle bussreisande i Vestland bruke appen Skyss Reise til å kjøpe billett. I appen kan ein kjøpe alle typar bussbillettar. Brukar ein appen, må ein kjøpe billetten før ein går om bord og vise fram billetten til sjåføren. Det går framleis fint å kjøpe billett på bussen, kontant eller med bankkort. Hos sjåføren kan ein kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett, men ikkje periodebillett.
Reisande i Sogn og Fjordane kan frå 20. juni også kjøpe bussbillettar i Skyss nettbutikk (skyss.no/nettbutikk), og dei kan bruke SMS-billett. Ved å sende ei tekstmelding med VAKSEN, BARN eller HONNØR til 2412, får ein ei tekstmelding i retur som gjeld som bussbillett for ei sone i 90 minutt.
Nye linjenummer frå 7. juni
Nye prisar er ikkje det einaste som blir nytt. Allereie tysdag 7. juni endrar Skyss alle linjenummer på buss-, båt- og ferjeruter i Sogn og Fjordane. Heile Vestland fylke skal få eit felles linjenummersystem, der alle linjenummer i same område høyrer til same serie. I Hordaland startar endring av linjenummer 15. august. Målet er at ein ikkje skal ha same linjenummer i bruk fleire stader i Vestland fylke.
Linjenummer er nyttig og naudsynt når ein skal planlegge ei kollektivreise og finne rett transportmiddel. Nummeret står mellom anna i skiltkassen på bussen, i reiseplanleggaren, i rutetabellane og på informasjonsskjermar på terminalar.
Frå og med 7. juni vil linjenummera i Sogn og Fjordane vere delte inn etter område: Nordfjord (100-serien), Sunnfjord (200-serien) og Sogn (800-serien). Nokre busslinjer vil samstundes få nye destinasjonsnamn. Båtlinjer får tal i nummerserien til sitt geografiske område. Ferjer har også linjenummer, som kjem fram i reisesøk og i rutetabellar. Ferjene har til no hatt tresifra linjenummer, men vil no få tal i 1000-serien.
Vestland samla til eitt kollektivrike
Frå 20. juni blir Skyss felles namn for kollektivtrafikken i heile fylket og nettstaden skyss.no blir felles informasjonspunkt, medan kringom.no etter kvart vil bli lagt ned. Med desse grepa blir Kringom og Skyss samla til eitt kollektivrike.
Framleis Kringom utanpå bussen
Sjølv om samanslåinga vert fullført, vil det framleis vere Kringom-fargar og -namn på bussane i Sogn og Fjordane. Skyss ønsker å bruke pengane til det beste for dei reisande og har ikkje prioritert å skifte fargar på bussane, noko som er kostnadsberekna til over 7 millionar kroner. Endring til Skyss-logo på bussane skal etter planen skje naturleg etter kvart som bussane blir bytte ut, normalt ved oppstart av nye busskontraktar. Dette er same prosedyre som vart nytta i Hordaland då Skyss bytte logo og fargar for over ti år sidan.

(Foto: Lars Andreas Kårstad/Skyss)
Publisert:
Oppdatert: