MUST – samarbeid for framtidas mobilitet
Gjennom MUST samarbeider Skyss, Statens Vegvesen, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune for å fremma teknologi-, nærings- og samfunnsutvikling.

I 2017 utlyste Samferdselsdepartementet ein konkurranse retta mot fylkeskommunane. Temaet var smart transport, og fylkeskommunane vart oppmoda til å konkurrera om å koma med gode initiativ.
Dåverande Hordaland fylkeskommune innleia ein kreativ prosess saman med Bergen kommune og Statens Vegvesen, og saman kom vi til at ville etablere det vi kalte MUST, Mobilitetslaboratorium for Utvikling av Smartere Transport. MUST skal fungera som ein katalysator for teknologiutvikling, næringsutvikling og samfunnsutvikling knytta til mobilitet og transport. Gjennom forsking, nyskaping, samhandling og brukarinvolvering skal MUST omsetja godé idear til ei effektiv, attraktiv og berekraftig mobilitetsframtid.
No er MUST sin årsrapport for 2022 klar, og i den kan du lesa meir om arbeidet som vert gjort i samarbeidet. Det inkluderer arbeid med såkalla mikromobilitet, eit ord som vert nytta om det å flytta seg ved hjelp av små transportmiddel som kan nyttast av ein eller få personar over korte avstand, med elløparhjul (eller elsparkesyklar) som eit døme.
Det inkluderer også arbeid med digital og fleksibel transport, som Skyss sitt pågåande prøveprosjekt på Tertnes, og arbeid med autonom transport. På det sistnemnde feltet gjennomførte Skyss, MUST og Sunnfjord kommune i 2021 eit pilotprosjekt med sjølvkøyrande buss. I 2022 har Skyss bygd vidare på erfaringane derfrå i arbeidet med eit målbilete og vegkart for autonom transport i Vestland fylke.
I årsrapporten kan du også lesa om prosjekt som står for tur i 2023, knytt til samkøyring og bildeling.
Mobilitetsdashboard
MUST har utvikla eit mobilitetsdashboard som samlar data frå fleire kjelder: trafikkteljarar, passasjerdata frå Skyss, rutedata frå Entur, parkeringsdata, luftkvalitetsdata, bysykkeldata og flytrafikkdata. Både Bergen kommune og fylkeskommunen bruker dashboardet i sambandet med planlegging og drift av offentlege tenester, og andre har også nytte av det, både for å skaffa seg innsikt og i arbeid med nyskaping.
Eit døme på interessante tal frå mobilitetdashboardet er ulikskapen i kollektivandel nord og sør for Bergen. Store ressursar har vorte nytta på å utvikla bybane sør for sentrum, og Bybanen har i dag gode passasjertal. I mobilitetsdashboardet kan vi sjå at kollektivandelen sør for Bergen er 60 prosent, medan den nord for Bergen er om lag 40 prosent. Sjølv om det ganske sikkert skuldast ei rekkje ulike forhold, er ulikskapen interessant.
Mobilitetsdashboardet er framleis under utvikling, og i løpet av 2023 vil det mest truleg verte overlevert frå MUST til Bymiljøetaten i Bergen kommune, som vi ivareta vedlikehald og vidare utvikling.
Mobilitetsdashboardet er tilgjengeleg på denne lenkja (powerbi.com). Årsrapporten kan du lesa i PDF-format.
Publisert:
Oppdatert: