Møter kundane med eit smil
I eit lite bygg på Bergen bussstasjon finn vi Skyss sitt ansikt utover: Kundesenteret. Ingen dagar er like for dei som jobbar her.

– Det beste med jobben er kollegaane, og så kundane. Hadde det ikkje vore for kundane, hadde eg ikkje hatt jobb, seier ei smilande blid Nina Sjøvangen.
Ho er ein av tre faste medarbeidarar på Skyss sitt kundesenter på Bergen busstasjon. Med seg på laget har ho Johan Lavrans Greiff og Genesis Laurejas (bildet ovanfor).
Dei tre forklarer vegen for kundane, hjelper dei med reiseplanlegging og kjøp av busskort og rettleiar dei i bruken av Skyss-appane. Dei tar òg imot tilbakemeldingar og innspel frå kundane, i tillegg til at dei får inn hittegods frå buss og bybane.
– Vi får inn alt, vi, seier Nina.
Kundesenteret held opent frå 09.30 til 16.30 til kvardags. I helgene er det stengt.
Frå venstre: Ingrid Anette Skogstad, Johan Lavrans Greiff og Nina Sjøvangen. Foto: Vetle Nordgård Mikkelsen
Varierte kundeopplevingar
Folka på kundesenteret møter eit mangfald av menneske i ulike situasjonar.
– Det er mange hyggelege kundar og nokre sure kundar innimellom, seier Johan Lavrans Greiff.
Ifølge Genesis skjer det tidvis at kundane deler personlege historier frå eige liv. Det er fleire slike opplevingar ho aldri vil gløyme.
Også Nina fortel om varierte kundeopplevingar.
– Vi får inn heile spekteret. Men det kjekkaste er når du får inn ein veldig sint kunde, og så klarer du å snu kunden når han eller ho går ut igjen. Det er ein skikkeleg god følelse! seier ho.
Mykje løye hittegods
Mykje av det dei får inn på hittegods er ting ein gjerne kunne venta: ein god del hanskar, paraplyar, vesker, sekkar og liknande. Nokre av tinga dei får inn er likevel – og kanskje heldigvis? – ikkje kvardagskost.
Ein dag Genesis Laurejas var på jobb åleine hadde dei fått inn ein merkeleg gjenstand i mjukplast.
– Eg skulle registrere noko. Det såg ut som ei litt rar dokke, seier ho.
Det viste seg å vere ei oppblåsbar dokke av erotisk natur. Likevel: Sjølv pikant hittegods er hittegods, og dokka blei fotografert og registrert etter alle kunstens reglar.
– Ein gong fekk vi inn ein gympose med ei hestehovud-maske og pistol i. Vi ringde politiet og spurde om dei hadde fått meldt inn eit ran i det siste. Vi fekk ikkje noko svar på det, men dei var raskt på døra, ler Nina.
Andre ting på lista over uvanlege hittegodsfunn er rullestolar, rullatorar, ei pappeske med mannekenghovud og ein heil koffert full av kartongar med jus.
Kundemedarbeidarane overdriv altså ikkje når dei seier at ingen dagar er like.
Publisert:
Oppdatert: