Korleis kan ungdom gjere kollektivtrafikken betre?
Kanskje med nye appar, skreddarsydde busstilbod eller betre løysingar for synshemma? Dette var nemleg idear som studentar kom opp med i Kollektivtrafikkforeningen sin innovasjonskonkurranse, som dei arrangerte saman med kollektivselskapa Skyss, Kolumbus, AtB og konsulentselskapet Deloitte.

Tema for konkurransen var «Future of Mobility», og ungdommane som deltok skulle velje aktuelle kollektivutfordringar og designe konkrete forslag til løysing.
Ungdom er framtidas reisande
– Unge er ei viktig kundegruppe for kollektivtrafikken. Det er dei som skal reise med oss i framtida, og dei er oppdaterte på teknologi og digitale brukarflater, samstundes som dei er opptekne av miljø og klima. Det er svært viktig for bransjen vår å hente innsikt frå denne gruppa, seier Kari Steinsland, som er leiar for mobilitetstenester i Skyss og jurymedlem i konkurransen.
Kollektivtrafikkforeningen tok initiativ til konkurransen på bakgrunn av situasjonen for kollektivtrafikken etter covid-19-pandemien. For å ikkje måtte kutte i kollektivtilbodet, treng næringa innovative tiltak som kan sikre inntekter og eit berekraftig tilbod til dei reisande. Samstundes er det krevjande å utvikle nyvinningar når ein er pressa på ressursar grunna fallet i passasjertal. Behovet for gode idear er derfor stort.
Konkurransen vart halde i Bergen, Stavanger og Trondheim, med ein nasjonal finale i Oslo. Det var totalt 12 lag som meldte seg på konkurransen: Tre i Bergen, tre i Stavanger og seks i Trondheim. Kvart lag vart vurdert etter desse fire kriteria: Kundebehov, relevans, i kva grad løysinga let seg gjennomføre, og kor godt dei presenterte prosjektet sitt.
Fritidsbuss for barn
I delkonkurransen i Bergen vann konseptet «Flexi start», ein bestillingsbasert buss som kan køyre barn til fritidsaktivitetar. Ideen vart utvikla av bergensstudentane Robin Marstrøm, Therese Lægreid, Hedda B. Holm og Ingvild Hagesæter, som kom til finalen i Oslo med ideen sin. Liknande løysingar vart foreslått også av deltakarlag i Stavanger og Trondheim. Andre konsept som vart utforma, var ei løysing i reiseappen der dei reisande sjølv kan melde inn trafikkavvik, og fleire variantar av app-løysingar som kombinerer kollektivtrafikk, el-sparkesyklar og bildeling. Eitt av laga i Stavanger foreslo ei løysing som skulle foreine ungdom sine rånebehov med transporttilbod i distriktet ("e-råne").
Lettare for blinde å finne bussen sin
I finalen i Oslo var det tøff konkurranse, og vinnarane vart til slutt laget frå Trondheim. Deira idé var ein app-basert løysing som skal gjere det lettare for blinde og svaksynte å kome seg på riktig buss eller trikk. Løysinga er ein enkel integrasjon mellom app og kommunikasjonssystemet på buss og trikk. Studentane vil lage ein eigen funksjon i reiseappen der blinde og svaksynte enkelt kan informere sjåføren om at dei står på haldeplassen og skal reise med bussen. Sjåføren får då beskjed på displayet sitt og kan vere ekstra merksam på at alle reisande kjem seg om bord. Funksjonen kan bli integrert i eksisterande teknologi utan store ekstrakostnader for utvikling.
Vinnarideen blir vidareutvikla
– Vi i juryen var veldig imponerte over alle deltakarane og kor høg kvalitet det var på prosjekta. Dette var jo idear som laga utvikla på berre nokre få dagar, fortel Kari Steinsland. Ho seier at vinnarlaget imponerte særskilt med høg gjennomføringsevne og brukareffekten av løysinga, i tillegg til ein god marknadsanalyse som dei utvikla i dialog med Blindeforbundet.
Vinnarane skal bruke ei veke i august på å prototype ideen sin saman med Kollektivtrafikkforeningen og Deloitte.
– Vi gler oss til å sjå om dette etter kvart blir ei løysing vi kan ta i bruk i Vestland, seier Kari Steinsland.

Publisert:
Oppdatert: