Korleis blir prisane til?
1. februar aukar billettprisane. Kvifor skjer dette nesten kvart år, og bør ikkje prisane gå ned i staden for opp når målet er å få fleire til å reise kollektivt?

Først av alt: Kvar gong du kjøper ein billett, går alle pengane rett tilbake til kollektivtilbodet. Pengane vert brukt til drifta av buss, båt og bybane. Men fordi kostnadene er høgare enn det dei reisande betaler, så er finansieringa eit spleiselag mellom dei reisande og fylkeskommunen.
Korleis fordelingsnøkkelen skal vere mellom det du betalar og det som er offentlege subsidiar, er eit politisk spørsmål. Formelt er prisane på kollektivreiser ein del av budsjetthandsaminga i fylkestinget i desember kvart år. Politikarane vedtek prisane etter å ha fått faglege innspel frå fylkesadministrasjonen, som Skyss er ein del av. Både Skyss og dei fleste politikarane på fylkestinget ønsker nok så låge takstar som mogleg, men billettinntektene er likefullt ein stor del av samferdselsbudsjettet. Jo mindre du skal betale for billetten, jo meir må fylkeskommunen betale, og fylket har ikkje uavgrensa med pengar til rådvelde.
Årleg prisjusteringBillettprisane blir normalt justerte kvart år. Dette heng saman med at prisane på varer og tenester i samfunnet heile tida aukar litt, også kalla inflasjon.
Når kostnadene til drifta av kollektivtrafikken aukar, må billettprisane følgje etter.
Viss ikkje, vil vi få råd til mindre kollektivdrift enn før og må redusere tilbodet. Om vi gjer rekning med at pris- og lønsutviklinga i samfunnet heng saman, blir kostnaden ikkje større for den gjennomsnittlege reisande, sjølv om beløpet aukar.
I år går prisen på dei fleste billettypane i snitt opp med 2,5 prosent. Auken svarer til noko som heiter kommunal deflator, som er ein indeks som fangar opp pris- og lønnsveksten for kommunesektoren og vert sett i statsbudsjettet. Denne indeksen er ikkje den same som konsumprisindeksen (KPI), og i år er den langt lågare. KPI for 2021 var 5,3 prosent.
Pris spelar ei rolle, men ikkje alt
Det er lett å tenke at om ein set prisane opp vil det bli færre reisande, og at om ein set prisen ned, så vil det bli fleire. Men mykje tyder på at andre faktorar speler ei større rolle.
Det er gjort mange studiar av det som vert kalla prissensitivitet, altså kor mykje billettprisen påverkar folk sine reiseval. Ulike trafikantgrupper vert påverka ulikt av prisnivået. Det er også skilnader mellom område med godt og dårleg kollektivtilbod, og etter kva tid på døgnet eller i veka folk reiser. Analysar syner til dømes at ein person som ikkje kan reise på andre måtar og som reiser fast med periodebillett i rushtida, vert mindre påverka av prisnivået enn ein person som har god tilgang på bil og skal på ei fritidsreise.
I kollektivbransjen er det anbefalt å rekne ein gjennomsnittleg priselastisitet på -0,4 på kort sikt. Omsett til vanleg norsk tyder dette at om ein aukar prisane med ti prosent, kan ein vente ein nedgang i passasjertalet på fire prosent, dersom alt anna er likt. Derimot er det ikkje ein klar motsett effekt. Om ein skrur ned prisane like mykje, vil passasjertalet ikkje automatisk auke tilsvarande. Ei britisk undersøking fann at effekten av å senke prisane berre var halvparten av effekten av å auke dei.
Folk er opptekne av avgangar og reisetid
Det er med andre ord ikkje ein direkte samanheng mellom billettprisen og talet på reisande. Frå transportforskinga er det kjent at tilbod, reisetid og hyppige avgangar har meir å seie enn billettprisen.
Viss ein skal tiltrekke seg reisande, er hyppigare avgangar det tiltaket som har størst effekt.
Skyss sine analysar er i tråd med funn publisert av Vegdirektoratet og Urbanet Analyse1). Det er vanleg å måle kor mykje etterspørselen etter kollektivreiser aukar dersom rutetilbodet aukar med 1 prosent. Ein gjennomgang av ei rekkje norske og internasjonale studiar syner ein slik gjennomsnittleg tilbodselastisitet for lokal kollektivtransport på 0,45. Klårare forklart betyr dette at ti prosent hyppigare avgangar vil gi rundt 4,5 prosent fleire passasjerar. Også reisetid har mykje å seie, og tilsvarande studiar viser at ti prosent raskare reisetid kan gi 4 til 6 prosent fleire passasjerar.
For å få gode passasjertal og nøgde reisande er det med andre ord viktig å sikre eit godt tilbod – og dette må jo vere finansiert. Målet er derfor å finne ein god balanse der vi får nok inntekter til å oppretthalde eit attraktivt kollektivtilbod, samstundes som prisen ikkje verkar avskrekkande på dei som skal reise. Dersom prisen aukar for mykje, vil ein miste ein del av dei som har andre alternativ.
Buss eller bil?
For dei som kan velje reisemåte, står det ofte mellom å reise kollektivt og å køyre bil.
Kostnadene ved å køyre bil er ikkje like openberre som ein bussbillett.
Dersom du allereie eig ein bil, har du kostnader som lån, forsikring, avgifter og verditap på bilen over tid, men for kvar tur er det drivstoff, bompengar og parkering som er lettast å sjå.
Dei som har elbil har ekstra låge kostnader per tur. Dette er det vanskeleg for kollektivtrafikken å konkurrere med, men dersom ein reknar inn alle kostnader knytt til å kjøpe, eige og bruke eigen bil, er det likevel som regel langt billegare å reise kollektivt. I tillegg er det meir miljøvennleg å reise kollektivt, også enn å køyre elbil. Sjølv om elbilen går på straum, tek den plass i vegnettet, lagar svevestøv og krev areal til parkeringsplass.
Korona og kollektivtakstar
Covid-19-pandemien har endra mange sine reisevanar. Vi har sett at reisetala var lågare enn normalt også i perioden i haust då restriksjonane vart letta. Mykje tyder på at mange vil sitje meir på heimekontor også etter at pandemien er over og dermed reise færre dagar til jobb i veka. Dette kan påverke betalingsviljen for periodebillettar. Skyss ser etter nye løysingar for billettvariantar som er betre tilpassa dette, saman med andre aktørar i kollektivbransjen i Noreg.
I den usikre situasjonen vi framleis står i, er det uansett ekstra viktig at vi held inntektene oppe. Vi treng heile det gode kollektivtilbodet vi har, sånn at vi klarer å hente tilbake mange av dei reisande vi har mista, når pandemien ein vakker dag er over.