Hopp til hovedinnald

– Folk sine transportvanar og reisebehov er i endring. Vi ønsker å tilby kollektivtrafikk som er meir tilpassa brukarane, og derfor trur vi at bestillingsbuss kan bli ein viktig del av tilbodet vårt i framtida, seier Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø, som ønskte dei første passasjerane velkomne om bord. Både Åsane Tidende og NRK Vestland deltok på opningsturen.

Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø, som ønskte dei første passasjerane velkomne om bord på bestillingsbussen på Tertnes. Både Åsane Tidende og NRK Vestland deltok på opningsturen.

Minibussen som ein kan bestille transport med på førehand, er eit prøveprosjekt frå Skyss som skal gå i to år og har bakgrunn i eit vedtak frå fylkesutvalet i 2021. Ein kan bli henta der ein er og køyrd dit ein skal mellom nærområdet på Tertnes og området rundt Åsane senter på dagtid på vekedagar. Ein kan bestille anten via ein app, på ei nettside eller ved å ringe eit telefonnummer hos Skyss. Bestillingsløysinga planlegg køyringa etter kva turar som er bestilt, slik at fleire kan reise saman dersom dei har bestilt i same tidsrom. Prisen er den same som for vanlege bussreiser.

Denne morgonen skulle Rebekka og Ingolf Steinsland frå heimen sin nær Tertnes-krysset til ein kafé på Åsane storsenter.

– Vi har eigen bil og kunne køyrd med den, men det er jo så mange bilar i Åsane, samstemte dei.

Særleg for dei eldre

Tilbodet har inga aldersgrense, men er i utgangspunktet særskilt tilrettelagt for eldre.

– Det vil bli fleire eldre i samfunnet, og det er samfunnsøkonomisk nyttig å legge til rette for at fleire kan bo heime lenger, seier Målfrid Vik Sønstabø. Eit tilrettelagt tilbod er enklare å bruke for dei som har vanskar med å reise med det vanlege busstilbodet, til dømes fordi det er langt å gå til busstoppet. Bussen har plass til rullestol, rullator eller barnevogn.

Tertnes eigna som prøvekanin

Tilbodet er avgrensa til Tertnes i denne omgangen, og Tertnes vart valt ut på bakgrunn av ein forstudie frå 2020. Her vart bydelar og bustadområde i Bergen analysert ut frå kriteria kollektivtilgang, befolkningssamansetning, befolkningstettleik og moglegheiter til å gå til fots. Etter ei samla vurdering av alle kriteria peikte analysen på Tertnes som best eigna for prøveprosjektet. Geografien i området gjer at mange innbyggarar har avgrensa tilgang til buss og at det er vanskeleg å ta seg rundt til fots.

Tilbodet vil treffe om lag to tusen personar i Tertnes-området som er 67 år eller eldre. Minibussen skal dekke Tertnes og reisemål i sentrale delar av Åsane (Åsane terminal, Åsane senter og området ved IKEA), slik at brukarane får gode koplingar til kommunale tilbod i bydelen, og kan byte til busstilbod mot andre reisemål.

Er i ein tidleg fase

Skyss har testa ut ulike former for bestillingstenester tidlegare og har eit tilbod i Odda som heiter Hent Meg, som vart justert etter prøveperioden.

– Sjølv om vi har testa ut bestillingstransport ei stund, er vi framleis i ein tidleg fase. Det vi lanserer i dag er derfor eit prøveprosjekt som på ingen måte er ferdig, men som vi skal utvikle vidare over dei to test-åra saman med brukarane, seier Sønstabø.

Passasjerar som tok bussen seinare på dagen var også veldig begeistra, og dei bad om brosjyrar for å kunne reklamere til naboane sine om tilbodet.

Same pris som vanleg buss

Dei reisande kan bestille bussen med appen Skyss Bestilling, på nettet på skyss.no/bestilling, eller ved å ringe eit eige nummer til Skyss (55 55 90 99). Bussen vil køyre måndag til fredag kl. 08.30-12 og 12.30-16.30, og pris og betalingsmåtar er dei same som for vanlege bussreiser.

Det er Bergen Taxi som er tildelt kontrakten for drifta av minibusstenesta på Tertnes.

Tekst og foto: Ingrid Dreyer

Publisert:

Oppdatert: