Skyss riggar seg for framtidas kundeløysingar
Korleis skal framtidas mobilitetstilbod sjå ut? Kva teknologiske løysingar er nødvendige å ta i bruk for å oppnå dei overordna måla Skyss har satt seg om berekraftig mobilitet? Og korleis vil dette arbeidet påverke den daglege drifta i organisasjonen?

I Skyss har me utforma eit digitalt målbilete som skal hjelpe med å gi nokre overordna retningslinjer for framtidige vegval for Skyss si digitale utvikling.
Eit heilskapleg bilete
I desember 2021 vedtok fylkestinget i Vestland ein strategi for berekraftig mobilitet. Denne strategien er ambisiøs, og legg føringar for korleis Skyss skal løyse samfunnsoppdraget sitt fram mot 2030. Strategien legg blant anna opp til at Skyss skal utvikle seg frå å vere ein kollektivleverandør til å bli ein mobilitetsaktør. Eit berekraftig mobilitetssystem bind gode mobilitetsløysingar folk frå ulike delar av ein region saman, og bidreg også til å redusere ulikskap ved å gi alle praktisk og økonomisk moglegheit til å delta i arbeidsliv og utdanning, og til å ha ei aktiv fritid.
For å sørge for at me arbeider i tråd med strategien, og for å gjennomføre det digitale løftet som er nødvendig for å oppfylle måla, har det blitt utvikla et målbilete for digital utvikling. Målbiletet illustrerer kva me skal forsøka å strekke oss etter, og skal gi retning og skape forståing for dei vala me skal ta i tida framover.
Teknisk gjeld
I dagens verd, kjem det stadig nye løysingar og teknologiske nyvinningar. Om ei bedrift eller ein organisasjon bruker utdatert teknologi, vil den lett sakka akterut. Eit ofte brukt omgrep i denne samanhengen er teknisk gjeld, altså at ein nyttar utdaterte løysingar som ikkje lenger fungerer i marknaden, eller som ikkje oppfyller kundane sine behov.
Teknologien er i kontinuerleg utvikling, og det inneber at organisasjonen også må vere open for endring, dersom ein skal kunne oppnå god og gjennomgripande utvikling av tenestene. Ulike endringar kan vere naudsynte for å dra nytte av den teknologiske utviklinga, inklusive i endring i roller, ansvar, organisasjonskart og arbeidsformer. Utvikling er nødvendig for å kunne drive med digital tenestetransformasjon, noko som igjen kan auke kvaliteten, effektiviteten og marknadsposisjonen til ein organisasjon.
Tydeleggjering av digitale retningsval
I mars 2022 blei det gjennomført ein analyse for Skyss som viste at det, som følge av aukande mengde utviklingsprosjekt og utviklingsbehov, var nødvendig å tydeleggjere våre digitale retningsval. Utan ei felles forståing og forankring er det vanskeleg å sikre at alle krefter i Skyss drar i riktig retning, til riktig tid.
Eller for å seia det på ein annan måte: Digital transformasjon krev gjerne organisasjonsutvikling, og for at den skal lukkast, er det viktig at tilsette forstår kvifor det trengs. Første steg i det å handtere eit problem er å anerkjenne at du faktisk har eit problem. I Skyss meiner vi difor at det er kritisk viktig at våre medarbeidarar forstår kvifor endringar er påkravde. Som ein del av det langsiktige arbeidet på området, kjem det digitale målbiletet.
Målbiletet tar utgangspunkt i framtidige behov for både kundar og tilsette, og har blitt utarbeidd gjennom samarbeid og dialog på tvers i organisasjonen. Flest mogleg skal kunne forstå kvar vi er på veg, kvifor vi er på veg dit, og konsekvensane av måla.
I Skyss vil vi framover jobbe med tiltak som tek utgangspunkt i målbiletet som vår «nordstjerne», slik at vi har ei rettesnor på vegen.
Utforming av vårt digitale målbilete
Ein viktig del av prosessen er å sjå for seg korleis framtidas kundereiser ser ut, ikkje minst for å synleggjere gapet mellom dagens og framtidas løysingar.
I den fylkeskommunale strategien for berekraftig mobilitet blir det som nemnd lagt vekt på at Skyss skal gå frå å vere ein kollektivaktør til å bli ein mobilitetsaktør. I samanheng med det er det eit klårt mål å kunne levere saumlause kundeopplevingar på tvers av fleire transportformer, slik at ein kunde til dømes kan planlegge og betale for heile reisa i ein og same app. For å dette til treng me å henta tidsriktige data frå fleire grensesnitt, og ikkje berre sanntidsdata frå buss. I tillegg ønsker vi å gjere våre eigne arbeidsprosessar betre, og å styrke vår eiga evne til å drive tenesteutvikling, slik at vi kan levere for framtida.z
Sentralt for både eksterne og interne behov står vår evne til å samle og gjere tilgjengeleg relevante data, som både kan gje innsikt og grunnlag for utviklingsarbeid. I sum gir dette oss ein «trappetrinnsmodell», som vi bruker for å synleggjere både innsatsområde og konkrete tiltak. Nå jobbar vi til dømes med å konseptualisere og utvikle vår nye digitale plattform, som skal understøtte datainnsamling og tilgjengeleggjering.
Vi håper målbilete kan gi et innblikk i kvar vi er på veg, og korleis vi ønsker å tilnærma oss målet. Dersom arbeidet i tillegg kan gi andre inspirasjon vert vi litt ekstra stolte.
Publisert:
Oppdatert: