Hopp til hovedinnald

Endringane som kjem 25. mai kan kanskje verke gåtefulle for den enkelte, for ved første augekast kan det sjå ut som om mange linjer berre byter namn og nummer. Men bakom ligg ein plan om å gjere kollektivsystemet meir effektivt, slik at det blir fleire reisemogelegheiter på kryss og tvers. Eit grunnleggjande mål for Skyss er å gjere det meir attraktivt å reise kollektivt. 

Nytt nett av hovudlinjer 

I Bergen er det seks hovudlinjer. Hovudlinjene køyrer i dei mest folkerike korridorane i Bergen og fraktar det store fleirtalet av reisandeNår nettverket av hovudlinjer no blir endraer målet til Skyss å reindyrke linjekonseptet og korleis linjene verkar samanPå hovudlinjene skal det berre gå bybane og leddbussar, og frekvensen skal vere høg. På dagtid har dei avgang kvart tiande minutt eller oftare 

Folk reiser frå mange ulike stader til mange ulike reisemål. Vi er klar over at den enkelte helst vil reise frå dør til dør og sleppe å byte undervegs, men viss alle skal reise direkte, blir det svært mange busslinjer på kryss og tvers. Dette er dyrt og fører til dårleg ressursutnytting, noko som gjer at kvar enkelt busslinje ikkje kan gå så ofte. Når vi no legg om, er det til eit nettverk av færre linjer som kryssar kvarandre i knutepunktNokre av våre reisande vil oppleve at dei må byte buss der dei tidlegare kunne reise direkte, men til gjengjeld kan bussen gå oftareslik at ventetidgår ned. Samstundes opnar byte opp for å nå fleire reisemål enn før. Slik blir det lettare å reise kollektivt i kvardagen. 

imaged0pc3.png
Ved å redusere talet på busslinjer til kvart reisemål, kan vi i staden auke talet på avgangar på kvar linje. Dette nettverket gir betre reisemoglegheiter. 

Andre busslinjer blir tilpassa

Prinsippet med eit slikt nettverk av linjer er i tråd med kollektivfagleg praksis i andre byar. Undersøkingar syner også at kor ofte bussen går har mykje å seie for om folk vel å reise kollektivt.

I takt med endringa av hovudlinjer blir også ein del andre busslinjer endra, for å tilpasse til det nye nettverket. Alle større reisemål og populære strekningar skal vere godt dekka, men dei reisande kan ha fått nye linjenummer og -namn som dei må bli vande til.

Unngår endestopp i sentrum
Eit anna grep er at busslinjer i minst mogleg grad skal starte eller ende i Bergen sentrum. Bussar treng ekstra opphaldstid på endepunktet, og dermed meir plass til å parkere. Vi prøver å unngå dette i indre by, sidan Bergen har et trongt bysentrum med avgrensa areal. Dei fleste bussane skal derfor pendle gjennom sentrum og snu på romslegare endehaldeplassar utanfor byen.

Nye perrongar og haldeplassar

I samband med at Olav Kyrres gate på ny blir hovudbussgate, blir det endringar i kvar bussane stoppar i sentrum. Nokre av dei mellombelse haldeplassane blir nedlagte. Skyss har samstundes nytta høvet til å leggje perrongkabalen i sentrum på nytt og å rydde opp i perrong-alfabetet. Derfor kjem det nye bokstavar på ein rekkje perrongar, og denne ryddejobben er gjort også på fleire bytepunkt og terminalar i bergensområdet.

Trolleybusslinja blir forlenga

Ei viktig endring er at trolleybusstraseen frå Birkelundstoppen blir forlenga frå sentrum til Lyngbø. Utvidinga av trolleylinja vart vedtatt av fylkestinget i Hordaland i 2016 og er finansiert av Miljøløftet. Ny infrastruktur er på plass, og dei gamle trolleybussane er erstatta av ti nye trolleybatteribussar.
Linje 2 må gi frå seg nummeret sitt til den komande bybanelinja til Fyllingsdalen, og den nye trolleylinja får linjenummer 6.
Du kan lese meir om trolleyprosjektet på Miljøløftet sine nettsider her.

Skyss skal informere befolkninga

Når vi endrar på ting som i stor grad gjeld kvardagen til folk, er det vanskeleg å unngå at nokon opplever det negativt. Erfaringa vår tilseier at det vil kome mange spørsmål i starten. Det har vi stor forståing for. Vi skal derfor gjere alt vi kan for å informere innbyggjarane i Bergen godt om endringane, sånn at flest mogleg er førebudd.

Her på skyss.no er endringa for kvar enkelt linje forklart i detalj.
Skyss har for første gang laga eit linjekart som syner det samla kollektivsystemet i Bergen med dei viktigaste knutepunkta og kor ofte du kan reise.
Du kan og finne fleire nye linjekart og nye kart over terminalane.

Rutetider for dei nye linjene etter 25. mai kan du søkje opp i Skyss reiseplanleggar, og i dei mest påverka områda vil folk få informasjon rett heim i postkassa. Ved oppstarten vil Skyss også ha hjelparar i gule vestar ute for å hjelpe folk med å finne fram, dersom det blir mogleg ut frå smittevernreglane som gjeld då.

Publisert:

Oppdatert: