Hopp til hovedinnald

I februar 2023 gav fylkesutvalet i Vestland fullmakt til å kunngjere konkurranse og inngå kontrakt for drift av dei aktuelle båtrutene, som har endestopp i Selje, Sogndal og Flåm. Konkurransen blir no kunngjort.

Oppstart skal seinast vere 1. desember 2026. Kontrakten skal ha 15 års varigheit, og det vert stilt krav som skal sikra minst 70 prosent nullutsleppsdrift og minst 85 prosent reduksjon i klimagassutslepp.

Ein bonusmodell skal motivere til ytterlegare kutt, gjennom at operatøren får bonusutbetaling om utsleppa vert lågare enn kravet.

– Vi har den grøne leiartrøya på, og med denne anbodkonkurransen vil Vestland enno ein gong drive teknologiutvikling framover, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Teknologinøytralt klimakrav

– Klimakravet er teknologinøytralt utforma, fortel Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø. – Operatøren får ansvar for å kjøpe, etablere, plassere og drifte energiinfrastrukturen dei vel. 

På Strandkaien krev Bergen Havn, driftsansvarleg for kaien på vegne av Bergen kommune, at eventuell energiforsyning på kaien skal gå via selskapet Bergen Plug AS.

Når det gjeld klimakrav, vert det konkret stilt krav om at klimagassutsleppet maksimalt kan vere 5,1 kg CO2-ekvivalentar per utførde rutekilometer og at all energi som vert nytta til gjennomføring av oppdraget skal vera dokumentert fornybar. Det vert også stilt konkrete krav til NOx-utslepp. 

– Med klimabonusen på toppen meiner vi at kontrakten vil utløyse mellom 85 og 97 prosent utsleppskutt. Det tilsvarer ein berekna reduksjon på mellom 17 000 og 19 000 tonn CO2 i året, over ti prosent av dagens utslepp frå hurtigbåtdrifta i Noreg, seier Sønstabø. – Slik tek Vestland fylkeskommune og Skyss på seg ei leiarrolle i å gjera hurtigbåt til ei miljøvenleg reiseform. 

Miljødirektoratet har i desse dagar ute ei høyring, på vegne av Klima- og miljødepartementet, som handlar om innføring av omsetningskrav for biodrivstoff i sjøfart. Forslaget inneber at det kan bli aktuelt å fjerne kravet om bruk av fornybar energi i forbrenningsmotor. Det vil i så fall påverke klimakravet og bonusordninga i kontrakten. For å oppretthalde klimaambisjonen vil Skyss ved ei fjerning av fornybarkravet tilrå å samstundes auke klimabonusen. Forslag til handtering av dette vil bli handsama av fylkesutvalet 12. april.

Rutetilbod som i dag

Rutetilbodet skal i hovudsak førast vidare som i dag, med same frekvens og same tal på turar. Dersom den operatøren som vinn konkurransen skal nytta seg av batterielektriske løysingar med behov for lading undervegs, vert det opna for at det kan leggjast inn stopp på fem minutt undervegs, eller eventuelt eitt til to stopp på opptil 15 minutt. Nyttar operatøren seg av den sistnemnde løysing må den totale reisetida samstundes reduserast med 30 minutt.

Minimumskravet til passasjerkapasitet vert 295 på hurtigbåtruta Bergen – Nordfjord, 195 på hurtigbåtruta Bergen – Sogn og 295 for sommarruta med hurtigbåt frå Bergen til Flåm.

Støtte frå Klimasats og NOx-fondet

Skyss har motteke tilsegn om opptil 50 millionar kroner i støtte frå støtteordninga Klimasats. Næringslivets NOx-fond har gjeve ei tilsegn om at vinnande operatør vil kunne motta opptil 70 millionar kroner i støtte, avhengig av NOx-utslepp og oppstartstidspunkt.

– Teknologien for nullutslepp på hurtigbåtar begynner å bli tilstrekkeleg modna for realisering og NOx-fondet si støtte skal bidra til teknologisprang og viktige utsleppskutt. Vestland gjekk i front med elektrifisering av fergeflåta, og dei gjer det no også med hurtigbåtar. Det er dette som må til fram mot 2030 og vidare, seier dagleg leiar i NOx-fondet, Tommy Johnsen.

Skyss sitt kostnadsestimat for kontrakten tilsvarer mellom 59 og 108 millionar kroner i årleg kostnad og 171-193 millionar kroner i kostnader for energiinfrastruktur dersom desse vert utbetalt som eingongskostnader. Dei årlege meirkostnadane vert estimert til 51 til 100 millionar kroner. Desse berekningane er gjort i tredje kvartal 2021-kroner.

– Det kostar å leia det grøne skiftet, seier fylkesordførar Askeland. – Vi forventer difor også at regjeringa kompenserer meirkostnadene i tråd med Hurdalsplatforma. Også Solberg-regjeringa oppmoda oss sterkt til å gjera denne satsinga, så Stortinget har eit samla ansvar for å stilla opp med økonomiske midlar for å driva det grøne skiftet fram.

Publisert:

Oppdatert: