Hopp til hovedinnald

Skyss sitt oppdrag går ut på å sørge for at du skal kunne reise berekraftig i heile Vestland. Å bygge opp eit reisetilbod som dekker desse behova krev store økonomiske summar. Ca. 70 prosent av desse utgiftene vert dekte av subsidiar frå det offentlege, og dei siste 30 prosentane vert dekte av billettinntektene. Dermed er også billettinntektene eit viktig bidrag i finansieringa av tilbodet vårt. 

Når fleire vel å reise utan billett, påfører dei fellesskapet eit tap på fleire titals millionar kvart år. Av den grunn er det viktig at Skyss jamleg gjennomfører billettkontrollar, då desse har ein førebyggande effekt.

Bilde av ein graf som viser utviklinga av talet på reisande utan gyldig billett. Topptalet under pandemien var på 33,7%, mens vi første kvartal 2024 er nede på 8,9%. Dette talet er lågare enn før pandemien.

Sjå bildet i større format her.

Ulike formar for billettkontroll

Skyss har ulike typar billettkontrollar vi tar i bruk. 

Vanleg billettkontroll blir gjennomført kvar dag, året rundt. Desse blir gjennomført av vektarar som anten går uniformert eller sivilt kledd. Dei går alltid saman minst to og har eit geografisk område dei skal dekke kvar dag. Desse kontrollane blir gjennomført på både buss, bybane og båt. 

Det blir også gjennomført billettkontrollar / storkontrollar med større grupper av vektarar for å effektivt kontrollere alle passasjerane. 

Vi gjennomfører også det vi kallar tellekontrollar. Tellekontroll har eit statistisk føremål, og her gir vi ikkje ut gebyr til reisande som manglar gyldig billett.Målet er å telle kor mange passasjerar som reiser utan gyldig billett. Slik får vi oversikt over volum og spreiing av reisande utan gyldig billett.

Ulike forklaringar for avvik

Folk gir ei rekke ulike grunnar for kvifor dei reiser utan gyldig billett. Nokre har rett og slett ikkje hatt intensjon om å kjøpe billett. Andre seier at dei ikkje hadde tid til å kjøpe billett før bussen kom, at dei var på veg til å kjøpe billett, eller at dei hadde gløymt det.

Alle som får gebyr, har rett til å sende inn ein klage med ei forklaring til Skyss. Vurderinga av om klagen blir teken til følge, er det Skyss kundeservice som gjer. Dette er for å sørge for ei så lik og rettferdig vurdering av klagane som mogleg.

Ønsker du å lese meir om vilkår og moglegheiter for å klage på gebyr, kan du lese på denne infosida.

Eit godt samarbeid

For å sørge for at Skyss har gode og jamlege billettkontrollar har vi inngått ein kontrakt med Skan Kontroll. Vektarfirmaet som har kontrakt med oss, har tilsette med både mangfald av kjønn, etnisitet og alder, slik at dei skal kunne sikre ein god dialog med alle våre reisande. Det er eit tett samarbeid mellom vektarfirmaet og Skyss, med jamnleg dialog og gode rutinar for oppfølging av hendingar.

Publisert:

Oppdatert: