Hopp til hovedinnald

Saman med Bergen kommune, Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune har Skyss sidan 2018 hatt ansvar for samarbeidsprosjektet MUST. MUST var resultat av ein konkurranse utlyst av Samferdselsdepartementet i 2017. Prosjektet er no avslutta, og sluttrapporten er levert.

Vann pengar i nasjonal konkurranse

I 2017 utlyste Samferdselsdepartementet ein konkurranse der fylkeskommunane kunne vinne pengestøtte til gode initiativ om smartare transport. Skyss/Hordaland fylkeskommune (seinare Vestland), Bergen kommune og Statens vegvesen var ein av vinnarane og fekk 12,5 millionar kroner til å opprette eit mobilitetslaboratorium for utvikling av smartare transport, forkorta MUST.

MUST vart ein arena for innovasjon, men var ikkje ansvarleg for sjølve prosjektgjennomføringa.

– Vi bidrog med fagkunnskap om mobilitetsbehov på makronivå, i tråd med ambisjonane for samfunnsutvikling i den kommunale og fylkeskommunale sektoren, seier leiar for Skyss si avdeling for ny mobilitet, Kari Steinsland. Ho har hatt rolla som dagleg leiar i MUST.

Etablerte tre «laboratorium»

Målet med MUST var å finne mobilitetsutfordringar i Vestland og å løyse desse ved å utvikle og teste gode idear i det verkelege livet. Det vart etablert tre «laboratorium» med spesifikke ansvarsområde: InnoLab (ein kreativ arena for utvikling og testing av idear), LivingLab (ein pilotmetode tilpassa innovasjonsprosjekt innan smart mobilitet) og DataLab (eit ope analyseverktøy med tilgjengelege fagressursar, der brukarar og idéeigarar kunne nytte innsikt frå ein rekke datakjelder).

Dei tre laboratoria har verka saman. I InnoLab utforska ein behov og klekte ut moglege løysingar, med brei involvering frå ulike miljø. DataLab skulle bidra med data til aktuelle prosjekt. Når ein var klar til å teste eit prosjekt i det verkelege livet, skulle LivingLab hjelpe til med testing og pilotering.

Mange prosjekt og partnarar

I åra som har gått, har MUST samarbeidd breitt med fylke, kommunar og næringsaktørar i og utanfor regionen. Partnarar for erfaringsutveksling har mellom annet vore Kongsberg By og Lab, StartupLab i Bergen, Universitetet i Bergen, Høgskolen på Vestlandet og Norges Handelshøyskole.

Nokre av prosjekta der MUST har bidratt med finansiering, samarbeidsarenaer, metodestøtte, som initiativtakar eller på andre måtar, digital regulering av sparkesyklar i Bergen kommune, HentMeg i Odda (https://www.skyss.no/omskyss/nyheitsportal/hentmeg-bussen-i-odda-opna-med-brask-og-bram/), bestillingstransport på Tertnes (https://www.skyss.no/reise/rutetider/rutetabellar-buss/bestilling/) og samkøyring i Askøy og Øygarden (https://www.skyss.no/reise/aktuelt/samk%C3%B8yring/). I alt seks prosjekt er omtala i meir detalj i evalueringsrapporten.

Vert avvikla etter prosjektperioden

Etter fem år og til saman 12,5 millionar i støtte frå Samferdselsdepartementet, blir MUST no avvikla. Opphaveleg var ambisjonen å leite etter ein modell som gjorde det mogleg å drive MUST videre som ein sjølvstendig eining etter prosjektperioden. Men problemstillingar knytt til forankring, forpliktingar og fordeling av ressursar har skapt utfordringar. I evalueringsrapporten blir det peika på at MUST har vore driven med små deltidsstillingar, noko som ikkje har vore nok. Det å arbeide med samfunnsinngripande innovasjonar er ressurskrevjande og krev kultur og vilje til endring, ifølge rapporten.

– Etter å ha utvikla MUST over fleire år, såg vi ikkje at det var mogleg å få langsiktig finansiering. Vi måtte trappe aktiviteten gradvis ned for å unngå at vi sette oss sjølv og nye prosjekt i ein vanskeleg situasjon, forklarer Kari Steinsland.

Framleis behov for samarbeid på tvers

Eigarstrukturen bak MUST blir vurdert som fornuftig. Offentlege etatar kan fungere som siloar som hindrar innovasjon og framdrift, og det å skape samarbeid på tvers av etatar og ansvarsområde var ei av MUST sine viktigaste oppgåver.

– I MUST erfarte vi at det å involvere breitt gir betydeleg meirverdi, men også at det er ei krevjande arbeidsform der aktørar kan oppleve at dei mister kontroll på retningsval og oppgåver, seier Steinsland.

– Vi vurderer at det no er riktig å avvikle MUST i den forma det har hatt. Samtidig ser vi at det er behov for å finne nye måtar der vi kan samarbeide for utvikling av smart mobilitet, på tvers av etatar, næringsaktørar og ansvarsområde, seier Kari Steinsland.

Du kan lese heile rapporten her (https://www.skyss.no/globalassets/om-skyss/strategiar-og-fagstoff/fagrapportar-og-utgreiingar/2024/must-sluttrapport-_2024.pdf)

Publisert:

Oppdatert: