Årsrapport for Skyss
Korleis var Skyss-året 2022? I Skyss sin årsrapport kan du lesa passasjertal og ferjestatistikk, men også om bestillingstransport, klimaarbeid og mykje anna.

Fram til i 2021 hadde Vestland fylke to styringsdokument for kollektivtrafikken: Kollektivstrategi for Hordaland og Regional transportplan for Sogn og Fjordane, begge med tilhøyrande handlingsprogram.
Skyss leverte då ein samla årsrapport for dei to strategiane. I 2021 blei Strategi for berekraftig mobilitet 2022–2033 (PDF) vedteken av fylkestinget, som ein del av den nye regionale transportplanen.
Strategien inneber eit vesentleg skifte. Skyss går frå å vere ein kollektivaktør til å vere ein mobilitetsaktør. Vi skal ha eit overordna blikk på mobilitet, altså på korleis den enkelte kjem seg rundt. Det legg også opp til endringar når det gjeld drift og utvikling frametter.
Strategi for berekraftig mobilitet er også utgangspunkt for Skyss sin årsrapport for 2022. Sjølv om mykje vil vere råd å kjenne att, har vi dessutan lagt om forma på årsrapporten noko, med artiklar om ulike tema.
Målet har vore å gjere rapporten lettare tilgjengeleg, også for eit breiare publikum. Først i rapporten har vi også presentert Skyss i eit fugleperspektiv og vald ut nokre viktige nøkkeltal. Sist i rapporten er ytterlegare tal samla på ein stad.
Rapporten er tilgjengeleg for nedlasting i PDF-format.
Publisert:
Oppdatert: