Hopp til hovedinnald

Gratis utdanning

Vestland treng fleire bussjåførar og no kan du få gratis sjåførutdanning dersom du blir tilsett som sjåfør i busselskapa Firda Billag, Modalen Eksingedalen billag, Tide eller Vy.

Utdanninga skjer ved privat køyreskole og vil vare i åtte til ni veker. Du vil få førarkort klasse D og kan arbeide som bussjåfør. 

Krav for utdanninga

For å ta kurset må du gjennomføre ein køyretest for klasse B og tilfredsstille språkkrav. Etter endt utdanning må du jobbe som sjåfør i Vestland i 3 år. 

Slik kjem du i gang

For å starte di karriere som bussjåfør, ta kontakt med selskapet som køyrer der du ønsker å jobbe. 

Sjå meir informasjon om kor selskapa køyrer og korleis du kontaktar dei her: 

Tide Buss AS køyrer buss i områda:

  • Austevoll
  • Bergen nord og Osterøy (inkludert Servicelinjene)
  • Bergen sentrum
  • Bergen sør og Os
  • Hardanger/Voss
  • Sogn
  • Sunnhordland
  • Vest (Øygarden og Askøy)

    Kontakt Tide Buss AS

Vy Buss AS køyrer buss i Nordhordland. 

Kontakt Vy Buss AS

Firda Billag Buss AS køyrer buss i Sunnfjord og Nordfjord.

Kontakt Firda Billag Buss AS

Modalen–Eksingedalen Billag AS køyrer i området Modalen/Vaksdal.

Kontakt Modalen–Eksingedalen  Billag AS

Publisert:

Oppdatert: