Hopp til hovedinnald

Lars Anwar Eide jobbar som kontrollar i avdelinga økonomi og administrasjon i Skyss. Her bidrar han spesielt med arbeid med budsjett og rekneskap.  

– Vi har ein fot innanfor alle avdelingane, med oppfølging og utarbeiding av prognoser i forhold til budsjettet.

Generelt har Lars Anwar ein variert arbeidskvardag, der han i tillegg til budsjett og rekneskap arbeider med fakturering, utbetaling, innkjøp av utstyr for Skyss, oppfølging av kontraktar og justeringar etter indeksreguleringar.

– Oppgåva vår er eigentleg å passe på at vi får inn dei pengane vi skal ha, at dei pengane vi bruker blir brukt riktig, og ikkje minst at vi ikkje bruker meir enn kva som er nødvendig.

Ein målretta økonom

– Då eg var liten, var det idretten eg ønskte å satse på. Men på vidaregåande landa eg på at økonomi ville vere den rette vegen for meg. Eg var god med tal og syntest at alt av formlar og berekningar var kjempegøy.

I dag har Lars Anwar to bachelorgradar innan økonomi, og dette året fullfører han ein deltidsbasert master i leiing for strategi, innovasjon og berekraft.

– Eg valde å studere økonomi fordi eg alltid har vore fascinert av tal og finansverda. Eg ønskte meg ein jobb som kunne påverke retninga vi let samfunnet utvikle seg i. Sidan politikk ikkje er mi greie, blei det finans på meg.

Personlegdomstestane fortalte Lars Anwar at han ikkje høyrde heime bak ein skjerm eller med å jobbe med tal, på grunn av sine kreative sider. Men han let seg ikkje stoppe.

– Når Den norske bank hever renta, er eg ein av dei som faktisk les heile den pengepolitiske rapporten, då eg er svært oppteken av samfunnsutviklinga.

Ein variert kvardag med inkluderande kollegaer

Når Lars Anwar fortel om kva han liker best med å jobbe i Skyss, trekk han fram den varierte arbeidskvardagen sin.

– Eg har ein kvardag der eg opplever stor variasjon i arbeidsoppgåvene. Ein dag sit eg med fakturering, ein annan dag jobbar eg med budsjett og rapportering. Så lenge eg held meg til fristane vi har, kan eg sjølv i stor grad styre kva eg jobbar med frå dag til dag.

Lars Anwar fekk derimot ikkje den enklaste starten på karrieren i Skyss. Han hadde nemleg sin første arbeidsdag 10. mars 2020, og blei på dag to sendt heim med datamaskinen under armen, saman med resten av dei tilsette i Skyss som måtte på heimekontor.

– Det blei dermed ein del ting eg måtte finne ut av sjølv, då Teams endå ikkje var heilt innarbeida. Heldigvis har vi utruleg hyggelege og imøtekommande kollegaer i Skyss. Det er lett å spørje om ein treng hjelp med noko, og opplevinga mi er at det ikkje betyr noko om du har jobba her i femten år eller to månader. Du er like velkommen i gjengen uansett.

Publisert:

Oppdatert: