Hopp til hovedinnald

Martin Martinussen Tvedt har tittelen tilbodsutviklar og jobbar i avdelinga for transporttilbod i Skyss.

Saman med ei gruppe kollegaer planlegg han det framtidige rutetilbodet med buss, båt og bybane.

– Reisebehova i samfunnet endrar seg over tid, og vi må sikre at rutetilbodet følgjer med. Endringar kan kome med nytt vegnett eller andre typar utbyggingar. Det hender også at politikarar engasjerer seg og ønsker vi skal sjå på betring av kollektivtilbodet i enkeltområde, fortel Martin.

Ser kva eg bidrar med

Martin tok først ein bachelor i geografi, og med master i geologi i lomma fekk han jobb i oljeindustrien.

– Geologi er spennande, men på oljeplattforma vart det for stor avstand til det eg hadde lært i studietida. Eg opplever at i Skyss har eg mykje større nytteverdi for samfunnet. Jobben er meiningsfylt kvar dag, fordi vi ser kva vi bidrar med, seier Martin.

«Alle» har meiningar om Skyss

Kollektivtrafikk engasjerer også mange, og det er stor merksemd rundt samfunnsoppdraget til Skyss, både frå kundar, media og politikarar. Martin liker godt å stå i denne brytninga og meiner at det å måtte snakke om kollektivtrafikk i alle slags samanhengar, er ein del av pakka når ein jobbar i Skyss.

– Du blir veldig utfordra heile tida, men det at folk bryr seg, gjer jo nettopp arbeidet interessant. For oss som planlegg tilbodet, har det stor verdi å høyre kva folk meiner, seier Martin.

Motivert av gode kollegaer

Han peiker på at Skyss har ein god miks av fagutdanna, akademikarar og teknisk personell. Nokre har også lang fartstid i bransjen som sjåførar.

– Dette mangfaldet skapar eit godt arbeidsmiljø, og eg blir motivert av å ha gode kollegaer. Dei som er rundt meg, har mykje omsorg for det dei driv med og er genuint opptatte av å levere godt for kundane, seier han.

Nyttig å vere lokalkjend

Martin er austlending, men han er meir lokalkjend i Vestland enn dei fleste, takka vere si store interesse for geografi.

– På biltur som liten gut las eg NAF Vegbok, og eg har alltid vore veldig fascinert av geografi, landskap og kvar enkel stad sin eigenart. Dette brukar eg aktivt når eg planlegg kollektivtilbodet. Det gjer det også lettare å snakke med folk rundt i fylket, når dei skjønner at eg kjenner omgjevnadene deira, seier Martin.

Publisert:

Oppdatert: