Hopp til hovedinnald

Eva Signy Johansen arbeidar som rådgjevar for kundeinformasjon og marknadsføring, og har i åtte år hatt hovudansvar for nettsidene til Skyss. Ho er lidenskapeleg opptatt av bodskapen vi formidlar til kundane våre, og er spesielt oppteken av å sikre at vi kommuniserer med alle, uansett kva bakgrunn dei har.

– Målet vårt er å gjere det enkelt og attraktivt å velje berekraftige kollektiv- og mobilitetstenester. For å få dette til, må vi sørge for at vi når ut til kunden med informasjon om korleis systemet fungerer. Derfor bruker vi mange ulike former for kommunikasjon som tekst, bilde, lyd og video, som saman skal sørge for at kundeinformasjonen når fram på ein forståeleg måte.

Ei reise frå serviceelektronikar til nettredaktør

Eva starta eigentleg arbeidslivet som serviceelektronikar i Forsvaret. Her reparerte ho mellom anna våpensystem og anna elektronikk, før ho gjekk vidare til å jobbe med installasjon av datanettverk i ulike bedrifter. Etter kvart tok ho derimot eit val om å bytte bransje, og fekk seg jobb i Bergensavisen. Eva har alltid vore opptatt av kompetanseutvikling og studerte journalistikk mens ho arbeidde her, og var innom ulike roller som IT-sjef, nettredaktør og debattredaktør.

– Grunnen til at eg ønskte å flytte frå databransjen, var at eg sakna innsyn i bruken av det vi installerte. Eg sat med spørsmål om det fungerte, om dei opplevde at det auka effektiviteten og så vidare. Eg er svært interessert i prosessforbetring og det å sjå utviklinga frå a til å, og å få vite om brukarane forstår prosessen og at produktet fungerer som det skal. Det same gjeld for kommunikasjon. Vi må finne ut om bodskapet når fram, og om det blir forstått av mottakarane. Vi kan ikkje lage ein flott app om brukarane ikkje klarer å ta den i bruk. Dette er noko av bakgrunnen for mi interesse for god og klar kommunikasjon. Eg interesserer meg både for heilskapen og for prosessane som fører fram til resultatet.

Ein arbeidsstad med eit felles mål for eit meir berekraftig samfunn

Etter åtte år i BA valde Eva å gå vidare og starta opp lokalavisa Nordnesrepublikken. Mens ho arbeidde med denne, begynte ho i eit vikariat som rådgjevar i marknadsavdelinga i Skyss. Dette førte til fast jobb, og i dag har ho blitt ei kommunikasjonspotet, som ho sjølv seier.

– Eg har fått deltatt i mange forskjellige prosjekt, og har hos Skyss fått jobba med alle moglege former for kundekommunikasjon.

Når ho blir spurd om kva ho likar best med å jobbe i Skyss, kjem responsen kjapt.

– Altså, det er jo ikkje noko slåande, men eg synest faktisk at det er utruleg givande å ha ein jobb kor eg får høve til å bidra i arbeidet for å prøve å redde kloden vår. Og så synest eg òg at vi har eit utruleg godt arbeidsmiljø og samarbeid i Skyss. Her har vi ein hjelpekultur der det ikkje finst dumme spørsmål. Det er berre å spørje, og så stiller folk opp. I tillegg er vi gode på opne og direkte dialogar. Arbeidsmiljøet ber preg av at vi samarbeider godt. Vi jobbar saman for samfunnsoppdraget vårt.

Publisert:

Oppdatert: