Hopp til hovedinnald

Tony Andre Kleveland er faggruppeleiar for ruteplanlegging i Skyss. Han har god fartstid både innanfor fylkeskommunen og kollektivbransjen. Faktisk arbeidde han med kundeservice for kollektivreisande lenge før Skyss eingong fanst! Deretter arbeidde han i økonomiavdelinga, før han endra fagfelt fullstendig og tok til som ruteplanleggar.

– Eg har hatt mange forskjellige roller, seier Tony.

I Skyss er det mykje rom for personleg og fagleg utvikling. I tillegg til at han har stige i gradene i organisasjonen, har han, medan han arbeidde i Skyss, tatt høgare utdanning. På sida av jobbane har Tony tatt ein mastergrad i leiing (management) på BI, og han er i tillegg utdanna coach, ein tittel som inneber å hjelpe og rettleie folk i ulike livssituasjonar.

Ein jobb med meining

Ein typisk arbeidsdag for Tony er gjerne travel og tjåka full av ulike slags møte.

– I jobben er eg med på å sørge for at vi kvar dag finn fram til dei beste løysingane for flest mogleg av våre reisande. Det er utruleg givande og samtidig utfordrande, seier han.

Han beskriv Skyss som eit godt, sosialt og morosamt arbeidsmiljø med høg kompetanse. Reisesystemet er komplekst, og vår rolle er å ta omsyn til heilskapen, seier Tony.

Han forstår likevel godt at engasjementet mange reisande kjenner for rutetilbodet akkurat der dei bur.

– Alle i Skyss jobbar dedikert kvar dag for å levera gode tenester innanfor dei økonomiske rammene vi har, seier han.

Ei tid tilbake selde Tony og familien bilen, som uansett ikkje blei brukt hyppig. Dei bruker buss, båt og bane når dei treng å komme seg fram. Med andre ord er Tony ikkje berre med på å planlegge rutetilbodet, han er òg ein aktiv brukar av det.

Tillitsbasert leiing

– Det er sju ruteplanleggarar for heile Vestland, sju personar med ulike perspektiv og ansvarsområde. Det gjer at eg må setje meg inn i ganske mange problemstillingar og forsøke å vere med på å løyse dei, seier Tony.

Som leiar må han tidvis skjere gjennom og ta avgjerder, men han er tydeleg på at han ikkje alltid er den som sit på fasiten.

– Eg prøver å få dei andre til å finne løysingane sjølv i staden for at eg skal komme med alle svara. Dei er enormt kompetente, og eg er veldig opptatt av at kvar enkelt av dei skal få det handlingsrommet dei treng.

– Det er inspirerande å leie ei gruppe som er så engasjert i å optimalisere kollektivtransporten, sikre at den er påliteleg og effektiv og å gjera kvardagen enklare for våre reisande, seier Tony.

Grøne løysingar for framtida

– Det å få lov til å vere med på å påverke og å skape eit betre miljø og samfunn, det er ein stor del av mi indre drivkraft, seier Tony.

Han er spesielt stolt av at Skyss tar ansvar i kampen mot klimaendringane.

– Ved å prioritere miljøvennlege transportmiddel som elbussar, elferjer og skinnegåande transport, bidrar vi til å redusere klimagassutsleppa og forbetre luftkvaliteten. Det er avgjerande i vår felles innsats mot klimaendringane, seier Tony.

– Saman i Skyss finn vi innovative og berekraftige løysingar.

Publisert:

Oppdatert: