Hopp til hovedinnald

Joran Buwalda er tilbodsutviklar i avdelinga for transporttilbod i Skyss og jobbar særskilt med rådgjeving om klima og miljø. Han jobbar i faggruppa som planlegg kollektivtilbodet på lang sikt, og oppgåva hans er å redusere utslepp frå transportmidla.

– Eg finn til dømes ut kor mykje straum som trengst til nye, elektriske bussar og båtar, kor mykje det vil koste, og korleis vi skal løyse det i praksis. Eg jobbar både med analysar i store rekneark, og med å løyse heilt praktiske problemstillingar, som til dømes å sikre at det er nok straum i straumnettet til transportmidla våre og å finne ut kvar og kor tid bussane best kan bli lada, fortel Joran.

Jobben set tydelege spor

Personleg er Joran veldig opptatt av klimaspørsmåla og av at verda må redusere utsleppa til atmosfæren.

– Det eg liker best med å jobbe i Skyss, er at eg har stor og konkret innverknad på energiomstillinga. I jobben min får eg verkeleg gjere ein forskjell. Vi jobbar heilt konkret med å stoppe CO2-utslepp på tusenvis av tonn, seier Joran.

Lærer seg nynorsk

Joran er frå Nederland, men han flytta til Noreg etter studietida. Han har lært seg flytande norsk og prøver til og med å meistre både bokmål og nynorsk, sidan nynorsk er arbeidsspråket i fylkeskommunen. Han fortel at i Nederland finst det fleire tverrfaglege studium enn i Noreg.

– Eg spesialiserte meg i fysikk, men graden min inneheld også tema innan politikk, sosiologi, juss og økonomi. Når eg bruker fysikk-kunnskapane mine til å analysere energibruk, kan eg i tillegg bruke det eg har lært om økonomi og rekne ut kva energien vil koste og om dette er ei samfunnsmessig fornuftig investering, i dialog med økonomiavdelinga.

Ulike folk gir sosial dynamikk

Nettopp det tette samarbeidet mellom avdelingane er eit av aspekta ved Skyss som Joran set pris på.

– Skyss er ein god stad å jobbe, både om ein er interessert i det tverrfaglege og om ein er meir spesialisert. Eg får energi når eg kan samarbeide med mange ulike folk. Det at kollegaene mine har så forskjellige interesser og bakgrunnar, gjer at også det sosiale miljøet blir veldig dynamisk. Det er veldig hyggeleg å jobbe i Skyss, seier Joran.

Publisert:

Oppdatert: