Hels på Daniel!
Etter å ha jobba i bilbransjen tok Daniel Michel Nilssen ein U-sving. No arbeider han med å forenkla kvardagen for dei kollektivreisande i Vestland.

– Eg er halvt sunnmøring, så eg er over gjennomsnittet interessert i pris, spøker Daniel Michel Nilssen.
Han arbeider som spesialkonsulent i avdeling for kunde og marknad i Skyss. Engasjementet for pris og prisløysingar har Daniel hatt med seg i mange år og i fleire jobbar. Han er opptatt av at kundane skal sitje igjen med ei kjensle av at prisen er riktig i høve til reisebehovet.
– Det er viktig at kundane ønskjer å bruke kollektivtilbodet. Sjølve tilbodet er viktig, men prisen har òg mykje å seie. Billettane gir inntekter, som igjen bidrar til at vi kan levere eit godt produkt, seier Daniel.
Frå bil til kollektiv
Før han kom til Skyss, var Daniel dagleg leiar for bilmerket Polestar si satsing i Vestland. Det var ei ganske annleis verd.
– I bilbransjen var alt styrt av pengar og omsetjing, og om ein måtte endre på noko, måtte ein endre det kjapt, seier Daniel.
Ein annan forskjell han har merka seg mellom dei to jobbane, gjeld informasjonsflyt og openheit.
– Eg jobba i eit børsnotert aksjeselskap. Der er det mykje sensitiv informasjon, og i tillegg skulle ulike interessentar ha utbyte på investeringane sine, seier han.
I Skyss og fylkeskommunen arbeider han i høg grad med opne kort og dokumentasjon.
Det var betrakteleg meir kundekommunikasjon då han jobba i Polestar. Daniel får likevel ein smakebit på kundekontakt i Skyss òg.
– Innimellom hjelper eg kundeservice med å svare på førespurnader om pris og produkt frå kundar. Då får ein indirekte kontakt med brukarane, og det er kjekt, seier Daniel.
Sjølv om han har gått frå høgt tempo i privat sektor, til ein sektor mange kategoriserer som i overkant byråkratisk, kjenner ikkje Daniel på det heilt store utolmodet – i alle fall ikkje meir enn i andre jobbar han har hatt.
– Eg har generelt ikkje opplevd at ting går så veldig treigt berre fordi det skal gjennom byråkratiet og «linja», seier Daniel. "Snarare tvert om, tenkjer han, er det eit spørsmål om tilpassing."
Varierte oppgåver
I Skyss har Daniel blitt kasta i det frå dag éin, og det passar han godt. Han har mellom anna arbeidd med å setje i verk ein ny, avstandsbasert prismodell for båtar, han har arbeidd med den årlege billettprisjusteringa for 2025, Kulturbilletten, reiselivs-avtaler og han har vore involvert i Skyss si bedriftsløysing, der bedrifter kan dekkje kollektivbillettar for sine tilsette.
Han har òg vore med i det viktige arbeidet med å revidere transportvedtektene til Skyss.
– Det er reisevilkåra våre, reglane som både Skyss, operatørar og kundar må forhalde seg til, seier Daniel.
Det har i tillegg blitt politisk sakskriving, knytt til dei ulike oppgåvene han har vore involvert i.
– Eg har lært mykje på kort tid, og eg opplever at Skyss har gitt meg høg grad av tillit frå starten av, seier Daniel.
Politisk styrt
Mange tenkjer på Skyss som eit sjølvstendig selskap, men vi er del av den fylkeskommunale forvaltninga. Det er fylkestinget som set rammene for kollektivtilbodet, både produkta og prisane.
– Til sjuande og sist er det politikarane som set prisane. Administrasjonen hjelper dei med å setje vedtaka ut i livet.
Nokre gongar inneber det å setje i verk endringar som ikkje samsvarer med det ein sjølv har tilrådd. Det er noko ein må lære seg å akseptere, seier Daniel.
– Eg er glad for å ha dei rollene eg har. Eg tar berre stilling til det eg kan gjere noko med, seier Daniel til sist.
Publisert:
Oppdatert: